Wilhelm Kvalheim

Wilhelm Kvalheim

Fødd: 20. juni 1877

Død: 12. desember 1950 (73 år)

Yrke: skribent

Wilhelm Kvalheim

Wilhelm Kvalheim (20. juni 1877–12. desember 1950) var ein norsk lærar, biletkunstnar og lokalhistorikar. Han var frå Kvalheim i Vågsøy kommune og var også m.a. busett i Selje, Stryn og Volda.

Kvalheim tok lærareksamen i 1897, og var lærar i Selje 1897-1900, på Bergens kommunale skule for åndsveike 1901-1903, på Florø kommunale mellomskule i Florø 1903-1906, i Selje 1906-1908, i Stryn 1908-1913, på Volda lærarskule 1913 og overlærar der frå 1924. Kvalheim var leiar i Nordfjord krins av Norges Kristelege Ungdomsforbund (NKUF).

Wilhelm Kvalheim var kunstmålar og stilte ut på Statens kunstutstilling i 1930. Han gav ut ei lærebok i teikning, og gjorde mykje av innsamlingsarbeidet for bygdeboka: Selje og Vågsøy : bygdene og bygdesamfunnet, ved Edvard Os.

Bibliografi

Bøker

  • 1907 – Moldøen : enkelte træk af stedets historie (Bergen: Bergens Historiske Forening)  [Er del av: Skrifter (Bergens historiske forening : trykt utg.) 13:1]
  • 1924 – ABC-bok (Bergen: Lunde)  [Forfattar: Andreas Austlid. Teikningar av Nils Bergslien og Wilhelm Kvalheim. Ny og umvølt utgåve]
  • 1927 – Gamle joleskikkar serleg frå Vestlandet (Oslo: Samlaget)  [Særprent or Syn og Segn, hefte 10, 1927]
  • 1930 – Teikning i småskulen : ei hjelpebok for skulen og heimen (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1932 – Tavleteikning (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1936 – Rettssaker um trolldom i Nordfjord frå 1600-talet (Oslo: Noregs ungdomslag)  [Særprent or Syn og Segn]
  • 194? – Då Volda vart skuleby : eit 80-årsminne og eit kulturbilete frå Nordvestlandet (Volda)  [Særprent or «Syn og Segn» hefte 4, 1941]
  • 1949 – Gapestokken (Oslo: Samlaget)  [Særprent or Syn of segn, 1949]
  • 1949 – Heilagdomane på Selja (Volda: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1960 – Volda kyrkje (Volda: Eige forlag)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord