Torkjell Djupedal
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 6. april 1957 (67 år) Førde
Yrke: skribent
Far: Reidar Djupedal
Torkjell Djupedal
Torkjell Djupedal (fødd 6. april 1957) er ein norsk forlagsmann og forfattar. Han har vore busett i Førde sidan 1992. Djupedal er cand.mag. i samfunnsfag ved Universitetet i Bergen og har ei mastergrad i journalistikk frå University of Oregon i USA.
Djupedal har vore journalist i Gula Tidend i Bergen (1986-89), informasjonsarbeidar i Sogn og Fjordane fylkeskommune (1989-92) og radiojournalist i NRK Sogn og Fjordane (1992-97).
I 1996 grunnla Djupedal Selja forlag, og har ved sida av forleggjarverksemda også vore forfattar av fleire bøker med lokalhistorisk innhald.
Torkjell Djupedal er son til Reidar Djupedal, og bror til tidlegare stortingsrepresentant og statsråd i SV og fylkesmann Øystein Djupedal.
Bibliografi
Bøker
- 1996 – Selja : kulturhistorisk handbok (Førde: Selja). ISBN 82-91722-00-5 I fulltekst ved nb.no
- 1997 – Undredal : kyrkja og bygda (Førde: Selja). ISBN 82-91722-01-3 I fulltekst ved nb.no
- 1998 – Førde : kulturhistorisk vegvisar (Førde: Selja). ISBN 82-91722-02-1 I fulltekst ved nb.no
- 2000 – På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord (Førde: Selja). ISBN 82-91722-13-7 I fulltekst ved nb.no [Av: Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen, Finn Borgen Førsund]
- 2000 – På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2. Sogn (Førde: Selja). ISBN 82-91722-14-5 I fulltekst ved nb.no [Av: Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen, Finn Borgen Førsund]
- 2007 – Førde : [frå steinalderen til Himmelbrua] (Førde: Selja). ISBN 978-82-91722-76-4 [tekst: Hans Jakob Reite ; hovudfotograf Finn Loftesnes ; prosjektleiar Torkjell Djupedal ; kart Bernt Kristiansen]
- 2007 – Selja (Førde: Selja). ISBN 82-91722-60-9 [tekst: Torkjell Djupedal; hovudfotograf: Thomas Bickardt]
- 2009 – Ein dag i Flora : 09.06.09 (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-014-5 [Prosjektleiar: Torkjell Djupedal; utg. av Firdaposten]
- 2014 – Opptur kysten : Bergen-Stad : 30 ruter, 116 flyfoto, 663 opplevingar (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-078-7 [Torkjell Djupedal, Knut Magne Nesse og Finn Loftesnes]
- 2020 – Opptur ytre Sogn og Fjordane : 163 fot- og sykkelturar (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-167-8 [Torkjell Djupedal, Finn Loftesnes]
- 2021 – Selja : sankta Sunniva og heilagøya (Førde: Selja). ISBN 978-82-82401-71-5
- 2021 – Gulatinget : historia og landskapet (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-168-5 [Medforfattar: Siri Ingvaldsen]
- 2022 – Opptur Stad : 146 fot- og sykkelturar (Førde: Selja). ISBN 9788282401777 [Torkjell Djupedal, Arild Vonheim og Finn Loftesnes]
- 2023 – Opptur Sunnfjord : 91 fotturar (Førde: Selja). ISBN 9788282401906
- 2023 – Historia om Førde. Bind 1. Førde – frå bygd til by 1500 – 2020 (Førde: Selja). ISBN 9788282401876 [Forfattarar: Martin Byrkjeland og Knut Grove. Redaktør: Torkjell Djupedal]
- 2023 – Historia om Førde. Bind 2. Førde – samfunn og kultur (Førde: Selja). ISBN 9788282401883 [Redaktørar: Torkjell Djupedal og Trond Ueland]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Om Torkjell Djupedal i Allkunne Arkivert 2018-09-14 ved Wayback Machine.