Søren Nordeide

Søren Nordeide

Fødd: 4. februar 1872

Død: 11. august 1941 (69 år)

Yrke: skribent

Søren Nordeide

Søren Andreas Nordeide (4. februar 1872–11. august 1941) var ein norsk pedagog frå Askvoll, forfattar av ei rad bøker om pedagogikk, filosofi og psykologi på nynorsk. Han var rektor ved Norges Lærarhøgskole i tida 1922-36.

Liv og gjerning

Nordeide var son til ein gardbrukar på Nordeidet i Askvoll. Han vart utdanna lærar i 1894 og skulte dei neste åtte åra i ymse folkeskular. Frå 1902 underviste han fyrst nokre få år på Volda lærarskule, og seinare på lærarskulen i Levanger. Då Norges Lærarhøgskule vart skipa i Trondheim i 1922, vart han tilsett som professor og rektor ved skulen. Denne posisjonen hadde han til 1936, då han slutta for skuld vanhelse.

I 1914 gav Nordeide ut Lærebok i sjælelæra, saman med Erling Kristvik. Dei neste tjue åra skreiv han mange verk og artiklar om pedagogikk og psykologi. Mange av bøkene hans kom i fleire opplag og hadde «mykje å seia for nynorsk målbruk i psykologi og filosofi».[1]

Nordeide var nestformann i Noregs Mållag frå 1917, og elles aktiv Venstre-mann og i fråhaldsrørsla. Han var medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. Norsk Allkunnebok VIII:1005/6
  • Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord