Sivert Nesdal
Fødd: 6. desember 1875
Død: 13. mars 1962 (86 år)
Yrke: skribent, misjonær
Sivert Nesdal
Sivert Nesdal (6. desember 1875–13. mars 1962) var ein norsk professor og misjonsprest. Han var frå Loen i Stryn kommune, men reiste 1902 til Minnesota for å studera ved St. Olaf College, der han tok graden B.A. i 1909. Same året tok Nesdal til på Den forenede Kirkes Seminar/Luther Theological Seminary i St. Paul i Minnesota. Han vart ordinert i 1912 og reiste same året til Madegaskar som misjonær. Der vart han seinare professor ved den lutherske presteskulen fram til 1938.
Sivert Nesdal kom attende til Loen i 1939 og levde resten av livet der. Minna hans frå misjonstida er sidan gjevne ut i bokform.
Sivert Nesdal vart tildelt St. Olavsmedaljen.
Bibliografi
Bøker
- 1909 – Vor tids forøkede missionskrav til den enkelte (Minneapolis: Augsburg Publishing)
- 1965 – En misjonærs erindringer (Sandane: Gullborg Nesdal) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift – eit utval
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990
- Om Sivert Nesdal i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2016-05-07 ved Wayback Machine.
- Gravminner i Norge