Sigrid Hesjevoll

Sigrid Hesjevoll

Fødd: 1987 (35 år) Luster

Yrke: skribent, omsetjar

Sigrid Hesjevoll (fødd 1987) er ein norsk lyrikar og prosaforfattar frå Jostedal i Luster kommune. Ho gav ut lyrikksingelen Manual for betre dagar på Flamme Forlag i 2016, og hennar fyrste bok, Naudsynt happy ending, kom ut på same forlag i 2017.

Sigrid Hesjevoll har utdanning frå Universitetet i Oslo. Ho jobbar som omsetjar, språkvaskar og korrekturlesar for fleire forlag, m.a. Cappelen Damm, Schibsted, Gyldendal og Aschehoug.

Bibliografi

Bøker

  • 2016 – Manual for betre dagar : dikt (Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-8288-171-5  [boksingel]
  • 2017 – Naudsynt happy ending (Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-8288-241-5  [prosa]
  • 2021 – Rasande pandabjørnar (Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-8288-443-3  [boksingel]

Kjelder

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA