Samson Madsen Krogness
Fødd: 1830
Død: 1894 (64 år)
Yrke: prest, lærar
Samson Madsen Krogness
Samson Madsen Krogness (1830–1894) var ein norsk prest, lærar, redaktør og forfattar. Han var fødd i Naustdal. Krogness gjekk på Stord Lærarskule 1847-1849. Han var lærar i Naustdal, Kinn, Skien og Kristiania 1849-1866. Krogness studerte teologi 1862-1866 og emigrerte til Amerika i 1866 og vart ordinert same år. Han var prest 1866-1894 og var også redaktør for fleire blad og tidsskrift i det norsk-amerikanske miljøet.
Krogness gav ut andaktsbok og salmar før han reiste til Amerika, og i Amerika ei bok med religiøst innhald.
Bibliografi
- 1854 – For den christelige huusandagt : bønner og psalmer til hver morgen og aften i ugen : for største deel efter ældre, christelige forfattere (Bergen: F. Beyers forlag)
- 1858 – Psalmer til brug i missions-forsamlinger (Skien)
- 1872 – Søndagen : et vidnesbyrd (Chicago: Skandinaviens bog- og accidents-trykkeri)
Kjelder
- Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990
- Om Samson Madsen Krogness i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane