Rune Fossum Lillesvangstu

Rune Fossum Lillesvangstu

Fødd: 1974 (47 år) Molde kommune 

Yrke: journalist

Rune Fossum Lillesvangstu (fødd 1974) er ein norsk journalist. Han kjem frå Molde og er busett i Førde. Lillesvangstu har bakgrunn som fenrik i Forsvaret, der han mellom anna var nestkommanderande offiser på Grense Jakobselv grensestasjon på den norsk-russiske grensa. Han har ein bachelor i journalistikk frå NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand, mellomfag i historie frå Universitetet i Trondheim og grunnfag statsvitskap frå Høgskolen i Molde.

Lillesvangstu byrja som sportsjournalist i avisa Firda i 1999. Der var han i nesten ti år, før han byrja i NRK Sogn og Fjordane. Der var han vaktsjef i fem år, og seinare reporter på TV, radio og nett. Sidan 2016 har han vore tilsett ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Først som faglærar i journalistikk og media, og frå 2021 har han vore dagleg leiar ved mediesenteret.

Lillesvangstu debuterte som forfattar i 2017 med ei bok om idrettsheltar frå Sogn og Fjordane. I 2020 gav han ut ei bok om Førde Idrettslag.

Bibliografi

Bøker

  • 2017 – 50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-127-2
  • 2020 – Den spreke hundreåringen. Førde Idrettslag 1920–2020 (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-162-3

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA