Ole Jonny Eikefjord
Fødd: 21. september 1970 (54 år) Førde
Yrke: kjøkkensjef, kokk
Ole Jonny Eikefjord
Ole Jonny Eikefjord (fødd 21. september 1970) er ein profilert norsk gourmetkokk,[1] kokebokforfattar og restauranteigar. Saman med forretningsmannen Petter Stordalen[2] eig han restaurantane Eik Annen Etage, Restaurant Eik, Restaurant Fjord og Bella Bambina.[3] Eikefjord har også vore fast kokk på TV2 sitt populære program Sommertid,[2] og han laga bryllaupsmiddagen under det norske kronprinsparet sitt bryllaup den 25. august 2001.[4][5]
Eikefjord kjem frå Førde i Sogn og Fjordane.[6] Han starta, som Terje Ness,[7] kokkekarrieren på Sunnfjord hotell der han gjekk gradene frå lærling til kjøkkensjef. Deretter vart han kjøkkensjef på Hotel Continental i Oslo[8]. Der vart han «oppdaga»[9] av Petter Stordalen, og saman starta dei Restaurant Eik som har fått utmerkinga «Bib-gourmand» heile 9 gonger i Michelinguiden, også i 2013.[10] I kjølvatnet av Restaurant Eik starta dei opp Eik Annen Etage, fiskerestauranten Fjord og italienske Bella Bambina.
Eikefjord gav i 2008 ut den kritikarroste boka Gourmet for folket, som vart nominert til Årets Norske Kokebok same år.[11] I 2011 følgde han opp med kokeboka Fisk og skalldyr – delikatesser fra mesterkokken. Han har også fått toppkarakterar[12][13] for raudvinane sine, ein av dei oppkalla etter seg sjølv: Niepoort OJ Eikefjord Douro.
Eikefjord og investor Petter Stordalen vekte nasjonal oppsikt, då dei opna Restaurant Eik som Norge sin første røykfrie restaurant i 2003 – halvtanna år før eit offentleg røykeforbod vart innført.[14] Eikefjord har fleire gonger teke offentleg avstand frå bruk av gåselever.[1]
Då Justin Bieber besøkte Oslo i mai 2012, åt popstjerna ein trerettars lunsj etterfølgd av hamburger hjå Eikefjord på Restaurant Eik Annen Etage.[15]
Bibliografi
- 2008 – Gourmet for folket (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7287-4
- 2011 – Fisk & skalldyr : delikatesser fra mesterkokken (Oslo: Aschehoug) . ISBN 978-82-03-23933-5
Kjelder
- Ottar Starheim (2009). Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Førde: NRK. Arkivert frå originalen 14. mai 2016.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Mats Løvstad (07.08.2012). «Norsk gourmetkokk vil ikke ha gåselever». ABC Nyheter. Arkivert frå originalen 10. august 2012.
- ↑ 2,0 2,1 Horecanytt – Eikefjord på banen med Bella Bambino, arkivert frå originalen 13. november 2013, henta 13. november 2013 Arkivert 13. november 2013 på Wayback Machine.
- ↑ Aftenposten – Neste stasjon Italia, arkivert frå originalen 13. november 2013, henta 27. april 2016
- ↑ Skavlan, Fredrik (2001). Det Kongelige Bryllup. Forlaget Press.
- ↑ Landsend, Merete (1970). «Små Retter, Stor Fest». Dagbladet. s. 26.
- ↑ Fylkesleksikon Sogn og Fjordane, arkivert frå originalen 13. oktober 2016, henta 13. oktober 2016
- ↑ HSMAI – Ukens Navn
- ↑ Fylkesleksikon Sogn og Fjordane, arkivert frå originalen 13. oktober 2016, henta 13. oktober 2016
- ↑ NRK – Nominert til årets kokebok
- ↑ Restaurant Eik – Michelin
- ↑ NRK – Nominert til årets kokebok
- ↑ Vinofil – OJ Eikefjord & Niepoort – som hånd i hanske, arkivert frå originalen 13. november 2013, henta 13. november 2013 Arkivert 13. november 2013 på Wayback Machine.
- ↑ Vinofil – Terningkast 6
- ↑ E24 – Tjener Fortsatt Fett På Restaurant, arkivert frå originalen 13. november 2013, henta 13. november 2013 Arkivert 13. november 2013 på Wayback Machine.
- ↑ NRK – Bieber åt treretter og hamburger
- Denne artikkelen bygger på «Ole Jonny Eikefjord» frå Wikipedia på bokmål, den 27. april 2016.
Bakgrunnsstoff
- Nettstaden til Restaurant Eik
- Nettstaden til Restaurant Eik Annen Etage
- Nettstaden til Restaurant Fjord
- Nettstaden til Restaurant Bella Bambina
- Om Ole Jonny Eikefjord i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane