Ole Johan Grønskag
Fødd: 2. juli 1972 Bremanger
Død: 7. mai 2004
Yrke: Interiørarkitekt, skribent
Ole Johan Grønskag (2. juli 1972–7. mai 2004) vart fødd i Kalvåg i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han var utdanna møbeldesignar og interiørarkitekt frå kunsthandverksskulen i Bergen, men han hadde aldri ei yrkeskarriere bygd på denne utdanninga.
I 2003 debuterte han som dramatikar med boka (Filantropicana) : ei berøring av forsvinningspunkt. Stykket hadde urpremiere på Sogn og Fjordane teater same året.
Bibliografi
- 2003 – (Filantropicana) : ei berøring av forsvinningspunkt (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-038-2
- 2004 – Siste dagar sett : av Ole Johan Grønskag; Meir : av Maria Tryti Vennerød (Førde: Sogn og Fjordane teater) [Medforfattar: Sogn og Fjordane teater]
Kjelder
Gi tilbakemelding
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)