Ole Jakobson Loen
Fødd: 21. oktober 1878
Død: 31. oktober 1949 (71 år)
Yrke: skribent
Ole Jakobson Loen
Ole Jakobson Loen (21. oktober 1878–31. oktober 1949) var ein norsk overrettssakførar og gardbrukar. Han vart fødd i Loen i Stryn kommune og han tok artium 1903 og juridisk embetseksamen 1911. Loen vart overrettssakførar i 1914, seinare vart han advokat. I perioden 1912-913 var han redaktør på Stord. Han hadde kontor i Loen 1914-1916, i Bergen 1916-1930 og etter 1930 var han i Loen igjen. Loen starta planteskule og han var ein ivrig sportsfiskar og oppteken av turisme.
Bibliografi
Bøker
- 1932 – Sportsfiske : fortellinger og beskrivelser (Nordfjord: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990
- Om Ole Jakobson Loen i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
- Gravminner i Norge