Olav Gisle Øvrebø
Nasjonalitet: Norsk
Fødd: 19. juli 1989 (35 år)
Yrke: Forfattar
Periode: 2011 –
Debut: Barn som leikar
Olav Gisle Øvrebø
Olav Gisle Øvrebø (fødd 19. juli 1989) er ein norsk forfattar frå Luster kommune.
Han debuterte i 2011 med den nynorske diktboka Barn som leikar på Flamme forlag. Boka handlar om drapssaka på James Bulger frå Liverpool i 1993. Drapsmennene var to gutar på ti år. Øvrebø lever seg inn i bakgrunnen og situasjonen til drapsmennene, og dikta er ei blanding av fakta og fiksjon.
Boka har fått både positiv og negativ omtale. I Klassekampen vart det skrive om henne at «Gjennom å gjera noko som ikkje er gjort før, utvidar ho poesien sitt virkeområde. Og dikta er velskrivne, diktsamlinga velkomponert.» I same artikkel vart samlinga kritisert for å laga spekulativ underhaldning av grusame mordgåter.
Vigdis Hjorth kommenterte diktsamlinga på fylgjande måte: «Les diktene og husk på en annen måte. En særlig stemme. Et originalt blikk. Klokt om ugjerninger.»
Bibliografi
Bøker
- 2011 – Barn som leikar (Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-02-36810-4
I bøker – eit utval
- 2008 – Faen ta tyngdekrafta : vinnerdikt fra videregående (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-38688-4 [Av innhaldet: Sakkeus / Olav Gisle Øvrebø]
Kjelder
- Omtale av Olav Gisle Øvrebø på Flamme forlag
- Klassekampen, 12. november 2011: «Provoserande dokumentardikt»
Bakgrunnsstoff
- Utgjevingar av Olav Gisle Øvrebø i Oria.no
- Om Olav Gisle Øvrebø i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane