

Olai Aa. Aalen
Fødd: 22. februar 1874 Vevring
Død: 6. september 1949 (75 år)
Yrke: forfattar, lærar
Olai Aa. Aalen
Olai Aa. Aalen (22. februar 1874–1949) var ein norsk lærar og forfattar. Han var frå Vevring i Naustdal kommune. Aalen tok eksamen ved Stord lærarskule 1895 og var lærar i Holsen i Førde kommune og i Eikefjord i Flora kommune. Han var også lærar i Vanylven, på Rennesøy og i perioden 1913-1929 var han lærar på Våland skole i Stavanger. I 1929 flytta han til Oslo og budde der resten av livet.
Olai Aa. Aalen skreiv dikt og salmar.
Bibliografi
Bøker
- 1913 – Glør (Risør: Erik Gunleikson) I fulltekst ved nb.no
- 1917 – Kristlyndt mod : dikt (Risør: Erik Gunleikson) I fulltekst ved nb.no
- 1944 – Firkløverblad : kvede (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1945 – Solovring : kvede (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990
- Om Olai Aa. Aalen i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
- Gravminner i Norge