Ola A. Bergset
Fødd: 13. juni 1891 Stryn
Død: 10. april 1977 (85 år)
Yrke: lærar
Ola A. Bergset
Ola A. Bergset (13. juni 1891–10. april 1977) var ein norsk lærar. Han var frå Fjelli i Stryn kommune.
Bergset tok eksamen ved Volda Lærarskule i 1912. Etter å ha hatt fleire vikariat, kom han til Stongfjorden i Askvoll kommune i 1913, der han vart i 50 år. Bergset var m.a. formann i Askvoll lærarlag, Stongfjorden Sanitetslag, Stongfjorden Indremisjonsforening og Askvoll bibliotek. I over 40 år var han organist ved Stongfjorden kapell.
Bergset tok over slektsgarden i Stryn, og dreiv han i lag med kona og eldste sonen, Alv O. Bergset.
I 1963 fekk Bergset Kongens fortenestmedalje.[1]
Bibliografi
Bøker
- 1969 – Ei fjellbygdætt frå Nordfjord : Mattisætta og Mattisgarden på Bergset : fra kvardag og helg i fjellbygda (Sandane) I fulltekst ved nb.no
Kjelder
- ↑ «Tildelinger av ordener og medaljer / 01.07.1963 Bergset, Ola». Kongehuset. Henta 25. april 2017.
- Årbok for Nordfjord, 1977
- Gravminner i Norge