Odd-Bjørn Fure

Fødd: 5. februar 1942

Død: 22. desember 2022

Nasjonalitet: Noreg

Område: Noreg under andre verdskrigen

Yrke: professor, historikar

Institusjonar: Universitetet i Bergen Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Ektefelle: Jorunn Sem Fure

Medlem: Det Norske Videnskaps-Akademi

Odd-Bjørn Fure

Odd-Bjørn Fure (5. februar 1942–22. desember 2022) var ein norsk historikar og statsvitar frå Stadtlandet. Hovudfag hadde han i samanliknande politikk, men gjekk over til historiefaget med doktorgradsavhandling i 1984 om den norske arbeidarrørsla 1918–1920. Tidlegare hadde han ikkje studert historie.

Etter å ha hatt ei rekkje stillingar, vart Fure professor i moderne historie ved Universitetet i Bergen frå 1998 og fram til 2002 då han starta som forskingsdirektør ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteters stilling («Holocaust-senteret»/«HL-senteret») i Noreg. Fure var spesialist på forsking på folkemord, samt moderne tysk og europeisk historie.

Fure var fram til 2004 redaktør av Historisk Tidsskrift, det tidsskriftet innan forsking på historievitenskap som har mest betydning i Noreg.

I 1997 var Fure med i Irving-debatten mot Hans Fredrik Dahl om kor vidt Holocaust-revisjonisten og nazisympatisøren David Irving sine bøker kunne nyttast som etterrettelege og faglege framstillingar av historia om den andre verdskrig.

Bibliografi

Bøker

  • 1996 – Mellomkrigstid : 1920-40 (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 8200225348 I fulltekst ved nb.no  [Norsk utenrikspolitikks historie, band tre]
  • 1997 – Kampen mot glemselen : kunnskapsvakuum i mediesamfunnet (Oslo: Universitetsforlaget) I fulltekst ved nb.no

Artiklar – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord