Mona Fossdal

Mona Fossdal

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 1970 (55 år)

Yrke: lærar, skribent

Mona Fossdal

Mona Fossdal (fødd 1970) er ein norsk grafisk designar og illustratør, forfattar, lærar og avdelingsleiar.

Fossdal er frå Vaksdal i Hordaland, men har sidan 1995 budd i Sogn og Fjordane (i Jølster, Førde og Eikefjord). Fossdal har hovudfag (master) i grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Bergen,[1] master i Organisasjon og leiing ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), pedagogisk utdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, og høgare utdanning innan IKT, mediefag og kunsthistorie.

Frå 1995 til 2014 arbeidde Fossdal som lektor med tilleggsutdanning ved Mo og Jølster vgs. Frå hausten 2014 fram til sommaren 2023 har ho vore tilsett som avdelingsleiar i mediefag og kunstfag ved Hafstad vgs i Førde, og frå hausten 2023 som avdelingsleiar ved nye Førde vgs.[2] Ho har skrive, illustrert og designa ei rekkje biletbøker for barn.

Bibliografi

  • 2012 – Bokstavene fra A til Å (Sandnes: Publica). ISBN 978-82-8251-213-8
  • 2012 – Gekkoen Arne og den prikkete paraplyen (Sandnes: Publica). ISBN 978-82-825-1168-1
  • 2013 – Klokkeboken : lær klokken med rim! (Sandnes: Publica). ISBN 978-82-825-1241-1
  • 2013 – Robotar er ikkje som deg og meg (Sandnes: Publica). ISBN 978-82-825-1264-0
  • 2014 – Gøy å lære klokka (Oslo: Juritzen jr.). ISBN 978-82-93304-28-9  [1. utg.: Sandnes : Publica, 2013 med tittel: Klokkeboken]
  • 2014 – Den gule døren (Oslo: Juritzen jr.). ISBN 978-82-93304-27-2
  • 2014 – Ingen spøk å telle til 13 (Oslo: Juritzen jr.). ISBN 978-82-93304-11-1
  • 2014 – Jimi rocker skogen (Sandvika: Barnebokforl.) . ISBN 978-82-92776-41-4
  • 2016 – Fargeglade vampyrer (Bergen: Vigmostad & Bjørke AS.). ISBN 978-82-419-1320-4
  • 2017 – Bak den grønne døren (Bergen: Vigmostad & Bjørke AS.). ISBN 978-82-419-1431-7

Kjelder

  1. Oksfjellelv, Berit; Allkunne (18. september 2024). «Mona Fossdal». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Tilsette ved skulen», www.forde.vgs.no (på norsk), henta 6. desember 2024 

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord