Melchior Falk Gjertsen
Fødd: 19. februar 1847
Død: 22. april 1913 (66 år) San Diego
Yrke: prest, salmediktar
Melchior Falk Gjertsen
Melchior Falk Gjertsen (fødd 19. februar 1847 i Kaupanger, død 22. april 1913 i Minneapolis) var ein norsk-amerikansk prest, salmediktar og skuledirektør.
Gjertsen utdanna seg på latinskule i Bergen Han utvandra til USA, tok presteeksamen ved Augustana Seminary og vart ordinert til prest i 1868.
Han jobba som prest i Lutheran Trinity Church i Minneapolis[1], og var også skuledirektør i byen. Saman med Th. S. Reimstad gav han ut songboka Sangbogen i 1897. Gjertsen er representert med ein salme i Norsk Salmebok og Norsk salmebok 2013. Han gav også ut «Hjemlands sange» 1877, «Christopher Brun og pietismen» 1899, «Harald Hegg» – ei skildring av norsk settlarliv på prærien – 1914.
Bibliografi
Bøker
- 1877 – Hjemlands sange
- 1897 – Sangboken (Chicago) [Saman med Th. S. Reimstad]
- 1899 – Christopher Brun og pietismen
- 1914 – Harald Hegg : ei skildring av norsk settlarliv på prærien
I bøker – eit utval
- 2013 – Reis deg, Guds menighet! (Stavanger: Eide) [I: Norsk salmebok, salme nr 690]
Kjelder
- ↑ collections.mnhs.org
- Melchior Falk Gjertsen i Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane Arkivert 2016-03-10 ved Wayback Machine.
- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
Bakgrunnsstoff
- Anne Kristin Aasmundtveit, Biografisk leksikon til Norsk Salmebok og Norsk Koralbok, Verbum forlag, Oslo, 1995. ISBN 82-543-0573-0. Side 113.
- 1962 – Kristen sang og musikk. 1 (Oslo: Runa) Tilgjengeleg på bokhylla.no [S. 752]
- 1988 – The testing of M. Falk Gjertsen (Northfield, Minnesota: NAHA) . ISBN 0-87732-074-8