Mathias Indrebø

Mathias Indrebø

Fødd: 23. oktober 1881

Død: 1960 (78 år)

Yrke: lyrikar

Mathias Indrebø

Mathias Indrebø (23. oktober 1881–ca 1960) var ein norsk forfattar. Han voks opp i Angedalen i Førde.

Då Indrebø var 11 år vart han angripen av poliomyelitt og han vart lam i hender og føter. Han var sterkt funksjonshemma heile livet, sjølv om han etterkvart kunne bruka høgrehanda. 17 år gamal kom han til Sophies Minde i Oslo og der lærde han teikning og treskjering. Då han flytta tilbake til Førde livnærde han seg delvis på treskjerararbeid. Den siste delen av livet budde Indrebø på Vestlandske Vanføreheim i Bergen.

Indrebø skreiv ein del småstubbar og dikt i m.a. Solglimt, Vanførelaget sitt blad.

Bibliografi

Bøker

  • 1933 – Av livsens lagnad : et utvalg dikt (Førde: M. Indrebø)
  • 2015 – Av livsens lagnad : dikt (Førde)  [Foto: Judith Hegrenes. 2. utg.]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • Sogeblad frå Førde kommune, hefte 12, 1994, s. 25

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord