

Magnus Nilsson Seim
Fødd: 1872
Død: 1966
Yrke: skribent
Magnus Nilsson Seim (1872–1966) var ein norsk bonde, organisasjonsmann og Venstre-politikar. Han var fødd i Alversund, og flytta til Kinn i Flora kommune då faren kjøpte gard der i 1896.
Seim tok initiativet til skiping av Fiskarfagskulen i Florø. Han var mellom anna medlem av rådet i Vestlandske Salslag, YFK og formann i Venstre i Sogn og Fjordane 1921-1930.
Seim var vararepresentant til Stortinget 1913-1918, 1922-1927 og 1931-1933.
Bibliografi
Bøker
- 1955 – Soga um Kinna – kyrkja i Sunnfjord (Kinn: Indremisjonen)
- 1957 – Korleis formannskapslovene vart til i 1837 (Førde: Øens Prenteverk)
- 1959 – Kinn hovudgard : heimehusi bygde i 1846 (Førde: Øens Prenteverk)
Kjelder
-
Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Gi tilbakemelding
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)