

Magnor Midtun
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 27. mars 1932 (93 år) Eivindvik
Yrke: skribent
Magnor Midtun
Magnor Jørgensson Midtun (fødd 27. mars 1932 Eivindvik i Gulen kommune) er ein norsk bankmann, lokalhistorikar og Venstre-politikar.
I åra 1968—1990 var han banksjef i Gulen Sparebank. Han var også medlem av kommunestyre og formannskap i åtte år og blei tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2002.
Som historikar har han arbeidd med lokalhistorie frå Gulen, spesielt nærings- og organisasjonsliv og segner frå vikingtid og mellomalder. Han skreiv også Gulen Sparebank si 100-årshistorie.
Midtun har i ei rekkje år vore med som lagmann i Håkonarspelet.
Bibliografi
Bøker
- 1988 – Gulen kyrkje 125 år : 1863-1988 (Bergen: Døves trykkeri)
- 1995 – Eivindvik : før og no (Eivindvik: M. Midtun)
- 2021 – Mannen på stien (Hommersåk: Lyrikkforlaget). ISBN 978-82-8398-074-5
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Fylkesleksikon Sogn og Fjordane[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
- Eivindvik før og no, tekstar av Magnor Midtun
- Om Magnor Midtun i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Autoritetsdata |
|
---|