Ludvig Eikaas
Fødd: 20. desember 1920
Død: 5. september 2010
Yrke: professor, kunstmålar
Ludvig Eikaas
Ludvig Eikaas (fødd 20. desember 1920 i bygda Eikaas i Jølster i Sunnfjord, død 5. september 2010) var ein norsk kunstmålar, grafikar og kunstprofessor. Namnet kan òg verta stava Ludvik Eikaas.
Familie
Foreldra til Ludvig Eikaas var gardbrukar Daniel Eikaas og Synnøve Svidal. I 1949 gifta Eikaas seg med tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal (1908-2000). Sonen Stig Eikaas er skulptør og aktiv kulturdebattant.[1]
Utdanning
- Statens Håndverks- og Kunstindustriskole 1942-46
- Statens Kunstakademi 1946-48
- Kunstakademiet i København 1948
I tillegg til dei formelle studia hadde Eikaas fleire studiopphald i fleire europeiske land.
Karriere
Eikaas debuterte som målar og grafikar på Høstutstillingen i 1946. Ludvig Eikaas vert rekna som ein svært sentral kunstnar i siste halvdelen av 1900-talet grunna arbeidet hans med måling, skulpturar og særleg grafikk. Han var ein av dei første som laga nonfigurativ kunst i Noreg.[2]. Saman med Gunnar S. Gundersen, Odd Tandberg og Tor Hoff utgjorde Eikaas ei gruppe unge kunstnarar som var pionerar innanfor den nonfigurative kunsten i Noreg. Denne gruppa vart kalla Dødsgjengen.[3]
Ludvig Eikaas sin kunst er å finne i Nasjonalgalleriet/Nasjonalmuseet i Oslo, Riksgalleriet/Nasjonalmuseet, Bergen Billedgalleri/Bergen kunstmuseum, Henie Onstad Kunstsenter, Statens Museum for Kunst i København, Brooklyn Museum of Art, New York, Uffizi-museet i Firenze, det amerikanske Wind Symphony Orchestras permanente samling og i ei rekke private samlingar i inn- og utland.[3]
I Sogn og Fjordane har Ludvig Eikaas laga m.a. utsmykkinga ved inngangen til Sentralsjukehuset i Førde, «Fjordhesten» ved det tidlegare posthuset i Førde, og han er meister for NRK Sogn og Fjordane sin logo «Fjordhesten».[4]
Eikaas vart professor på Statens Kunstakademi i Oslo i 1970.
TV-intervju
NRK gjorde eit intervju med Ludvig Eikaas i 1999: Ludvig Eikaas og fela vart sendt 7. mars.[5]
Utmerkingar
Eikaas var riddar av første klasse av St. Olavs Orden. I 1954 fekk han den internasjonale grafiske pris i Milano.[6] Eikaas vart tildelt Fylkeskulturprisen i 1994.[7]Eikaasgalleriet vart oppkalla etter han då han gav ei stor samling kunst til Jølster kommune.[8]
Bibliografi
Bøker
- 1983 – Innenfor sirkelen (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- ↑ Kulturnett Sogn og Fjordane: Stig Eikaas
- ↑ Sogn og Fjordane Kunstmuseum: Ludvig Eikaas – Samlinga – Eikaasgalleriet
- ↑ 3,03,1 Johansen, Jahn Otto, Norsk Biografisk Leksikon: Ludvig Eikaas
- ↑ Allkunne: Ludvig Eikaas
- ↑ NRK-intervju med Ludvig Eikaas
- ↑ Kunsthistorie: Ludvig Eikaas
- ↑ Sogn og Fjordane fylkeskommune: Fylkeskulturprisen
- ↑ Eikaasgalleriet
Bakgrunnsstoff
- Om Ludvig Eikaas i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
- 1958 – Profiler i norsk grafikk (Oslo: Dreyer) I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Jan Askeland ; av innhaldet Ludvig Eikaas]
- 1968 – Streif omkring Ludvig Eikaas (Oslo: Haaken A. Christensens forl.) I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Per Arneberg]
- 1981 – Ludvig Eikaas (Oslo: Stenersens forl.) . ISBN 82-574-0124-2 I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Jahn Otto Johansen]
- 1990 – Ludvig Eikaas : tresnitt (Høvikodden: Henie-Onstad Kunstsenter) . ISBN 82-90955-04-9 I fulltekst ved nb.no [Katalogen er utgjeven i samband med Ludvig Eikaas sin utstilling i Henie-Onstad Kunssenter, Høvikodden 8. desember 1990-3. februar 1991]
- 1990 – Portrett av jeg (Oslo: Grøndahl) . ISBN 82-504-1793-3 I fulltekst ved nb.no [Red. Inger Tragethon]
- 1991 – Trykket stemning : 26 portretter (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-13330-0 I fulltekst ved nb.no [Av Niels Chr. Geelmuyden ; intervju med m.a.: Ludvig Eikaas]
- 1992 – Norske malerier : fra hellemaleriet til i dag (Bønes: Grieg) . ISBN 82-533-0264-9 I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Jan Askeland ; inneheld mellom anna stoff om Ludvig Eikaas]
- 1998 – Edvard Munch, Nikolai Astrup, Rolf Nesch, Ludvig Eikaas : grafikk = prints (Skei: Musea i Jølster : Jølster kommune) . ISBN 82-91882-01-0 I fulltekst ved nb.no [Red. Runar Kristiansen ; av innhaldet: Ludvig Eikaas / Per Hovdenakk]
- 2000 – Eikaas i 80- : festskrift til Ludvig Eikaas sin 80-årsdag (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-014-5 I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Gunnar Danbolt, Inger Eri, Eivind Fossheim, Jahn Otto Johansen, Eldbjørg Tveitevåg Styve]
- 2000 – Jølster : bygda og breen (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5734-3 I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Jarle Helgheim ; av innhaldet: Kunstnarar under breen: Nikolai Astrup, Nils A. Bruland, Ludvig Eikaas, Toralf Flatjord, Astrid Myklebust, Sigmund Eikås, Moses Paulen, Anders Viken]
- 2000 – Ludvig i 80 streker : signert Stig : et kunsthistorisk og psykologisk møte med Ludvig Eikaas ( Eikaas Kunstforlag) [Tekst og teikningar Stig Eikaas]
- 2000 – Sangen til Ludvig (Oslo: Sofista) . ISBN 82-7910-002-4 I fulltekst ved nb.no [Av: Øystein Wingaard Wolf]
- 2000 – Slaget om Nasjonal : og andre historier fra professor Eikaas’ absurde virkelighet (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-018-8 [Av: Terje Lyngstad og Eyvind Viken]
- 2005 – Portrettkunstnaren Eikaas : verk frå samlinga (Førde: Sogn og Fjordane kunstmuseum) [Redaktør: Morten Johan Svendsen ; tekst og foto: Ingrid Norum ; utstillingen vist 4. mars-29. mai og 15. oktober-30. november 2005 ; Myndir, 1, 2005]
- 2009 – Ludvig Eikaas (Oslo: Bergen kunstmuseum) . ISBN 9788273930880 I fulltekst ved nb.no [Innhald: Dokumentasjon fra en flyktig tilværelse : Eikaas i retrospekt av Frode Sandvik; “Jeg” og “Dei andre” : Ludvig Eikaas sin portrettkunst av Inger Eri; Biografi av Torunn Myrva]
Vinnarar av Fylkeskulturprisen
|
||
---|---|---|
1980 Ragnar Vigdal · 1981 Per Knut Aaland/Sogndal IL · 1982 Siv Jørstad/Inge Rotevatn · 1983 Rolf Myklebust · 1984 Søndagsskolearbeidet · 1985 Olav J. Befring/Svein Brandsøy · 1986 Olav Stedje · 1987 Rolf Losnegård/Jon Tolaas · 1988 Audhild Viken · 1989 Honndalstausene · 1990 Gloppen Jentekor · 1991 Oddleif Fagerheim · 1992 Helge Bydal/Martinus Grov · 1993 Kinnaspelet · 1994 Ludvig Eikaas · 1995 Dale Ungdomslag · 1996 Leikanger Mannskor · 1997 Vevringutstillinga · 1998 Knut Rumohr · 1999 Musikkprosjekta i Årdal · 2000 Terje Ness · 2001 Sigmund Eikås · 2002 Fabel · 2003 Norvald Tveit · 2004 Jorunn Reina/Signe Lise Bergheim/Leyeune Avdal · 2005 Kari Standal Pavelich/Michael Pavelich · 2006 Norsk Forbund for Utviklingshemmede · 2007 Oddvar Torsheim · 2008 Odd-Bjørn Hjelmeset · 2009 Nedre Jølster Bilelag · 2010 Sigrid Moldestad · 2011 Kari Kvamme/Claus Kvamme/Den norske bokbyen · 2012 Bremanger Musikklag · 2013 Malakoff Rockfestival · 2014 Kari Støfringsdal · 2015 Hilde Bjørkum · 2016 Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser
|
Autoritetsdata |
---|