Kristen Vigdal
Fødd: 27. september 1882 Fortun
Død: 28. oktober 1974 (92 år)
Yrke: lyrikar
Kristen Vigdal
Kristen Vigdal (27. september 1882–28. oktober 1974) var ein norsk lærar, distriktssjef og forfattar. Han var fødd i Fortun i Luster kommune. Vigdal tok eksamen ved Volda lærarskule 1900, og han var lærar i Langevåg og i Greåker. Han vart så distriktssjef i livstrygdelag i meir enn 35 år. Vigdal var busett i Tønsberg.
Bibliografi
Bøker
- 1906 – Hjartetonar (Bodø: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1922 – Von : dikt (Nidaros: G. Krogshus forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1924 – Sol og skygge : dikt (Trondheim: G. Krogshus forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1950 – Ved åreelden : dikt (Bergen: Johs. Sæterskars forlag) I fulltekst ved nb.no
I bøker – eit utval
- 2007 – Norsk by- og bygdesongbok (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7013-9 [Av innhaldet: Song til Luster / Kristen Vigdal]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Gravminner i Norge
- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978