Knut Gjengedal

Knut Gjengedal

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 17. oktober 1900 Gloppen kommune

Død: 14. februar 1973 (72 år)

Yrke: skribent, barnebokforfattar

Knut Gjengedal

Knut Gjengedal (17. oktober 1900–14. februar 1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Hyen.

Han debuterte i 1928 med Guten fraa einsemda, og skreiv i alt 13 bøker, alle på nynorsk, og av desse seks barnebøker. Skildringane frå bøkene hans er henta frå natur og nærområde i Gjengedalen i Hyen der han budde det meste av livet sitt. I 1937 vann han Melsom-prisen. Han fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementet si premiering for den første barneboka, Kronekongen og andre soger (1948), og igjen for Bortanfor Blåbreen (1951). Barneboka Glomfolket (1954) vart sett på som eit debattinnlegg i kampen mot sentralisering.

Ei minnestøtte over han vart reist i 1991 ved skulen i austre Hyen der han hadde verket sitt.

Bibliografi

Bøker

  • 1959 – Kronekongen og andre soger (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no  [Illustratør: Kjell Aukrust]
  • 1961 – Mine fjell og mine dalar (Oslo: Norsk barneblad) I fulltekst ved nb.no  [Illustratør: Solveig Muren Sanden]

I bøker – eit utval

  • 1956 – Då bestefar lauga seg (Oslo: Norsk barneblad) I fulltekst ved nb.no  [I: Skjemt og alvor : ymist or Juletre. Fyrste samling.]
  • 1965 – Ein tjuv og ein tiggar og ein flokk rettferdige (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [I: Nynorsk novellekunst : ein antologi. Side 137-146]
  • 1969 – Ein tjuv og ein tiggar og ein flokk rettferdige (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [I: Nynorske noveller : ein antologi. Side 178-186]
  • 1971 – Ein tjuv og ein tiggar og ein flokk rettferdige (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no  [I: Aschehougs litteraturutvalg for aldersgruppen 13-17. Bind 2. Side 38-45]
  • 1990 – Brite Egga og Jakob Flun (Naustdal: Sogn og Fjordane forlag). ISBN 82-90576-13-7 I fulltekst ved nb.no  [I: Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986 : ein antologi. Ved Carl Lauritz Lund-Iversen. Side 80-82]
  • 1990 – Ein far som seier seks (Naustdal: Sogn og Fjordane forlag). ISBN 82-90576-13-7 I fulltekst ved nb.no  [I: Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986 : ein antologi. Ved Carl Lauritz Lund-Iversen. Side 82-85]
  • 1990 – Asle skrønemakar (Naustdal: Sogn og Fjordane forlag). ISBN 82-90576-13-7 I fulltekst ved nb.no  [I: Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986 : ein antologi. Ved Carl Lauritz Lund-Iversen. Side 85-88]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • Ove Eide: Om bygdedyr og ugjerningar i utlandet : nokre nedslag i Knut Gjengedals forfattarskap]
  • Om Knut Gjengedal i Allkunne
  • Oria
  • Om Knut Gjengedal i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
  • Ove Eide: «’Gjerninga di ligg att etter deg». Knut Gjengedal sitt forfattarskap for vaksne» I: Årbok for Nordfjord, 1991
  • Ove Eide: «’Dei samla seg og bygde Babelstårnet og…» Om Knut Gjengedal sine barnebøker» I: Årbok for Nordfjord, 1993
  • Ola Gjengedal. «Knut Gjengedal» I: Årbok for Nordfjord, 1984, 1985, 1986
  • Birkeland, Risa, Vold. Norsk barnelitteraturhistorie. 2. utg. Samlaget, 2005 ISBN 82-521-5933-8
  • Olav Andreasson Loen (1970). «Knut Gjengedal». Bygda gav diktarsyn : 25 forfattarportrett. Trondheim: Rune. s. 156-165. 


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord