Kjell Olson Råd
Fødd: 7. august 1923 Breim
Død: 6. juli 2006 (82 år) Breim
Yrke: skribent
Kjell Olson Råd
Kjell Olson Råd (7. august 1923–6. juli 2006) var ein norsk forfattar og bonde frå Breim i Gloppen kommune. Han skreiv romanar og lokalhistoriske bøker, mellom anna fleire bøker om stølar i Gloppen, Jølster, Stryn og Hornindal.
Den siste boka i rekkja om stølane i indre Nordfjord vart utgjeven etter at han døydde av kona hans, Karoline. Ho er tidlegare rektor ved Byrkjelo skole. Kjell Råd har fått kulturprisen for Gloppen kommune.
Bibliografi
Bøker
- 1995 – Jarnet og kniven : soga om Kjetil (Fagernes: Valdres forlag) . ISBN 82-7562-042-2 I fulltekst ved nb.no
- 1997 – Støylar i Breim (Breim: K.R.) . ISBN 82-994547-0-0 I fulltekst ved nb.no
- 1999 – Støylar i Gimmestad og Hyen sokn (Breim: K.R.) . ISBN 82-994547-1-9 I fulltekst ved nb.no
- 2000 – Støylar i gamle Vereide sokn (Breim: K. Råd) . ISBN 82-994547-2-7 I fulltekst ved nb.no
- 2001 – Støylar i Helgheim sokn (Breim: K. Råd) . ISBN 82-994547-3-5
- 2002 – Støylar i Ålhus sokn (Breim: K. Råd) . ISBN 82-994547-4-3
- 2003 – Støylar i gamle Innvik og Utvik sokn (Breim: K. Råd) . ISBN 82-994547-5-1
- 2005 – Setrar i Oppstryn og Nedstryn (Breim: K. Råd) . ISBN 82-994547-8-6
- 2008 – Setrane i Hornindal (Breim: K. Råd) . ISBN 978-82-994547-9-7 [Utg. av Karoline Råd]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Om Kjell Olson Råd i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane