Kjell Bondevik
Fødd: 11. mars 1901 Leikanger kommune
Død: 21. desember 1983 (82 år)
Statsborgar av: Noreg
Parti: Kristeleg Folkeparti
Yrke: politikar, historikar, faglitterær forfattar, universitetslærar, journalist
Institusjonar: Universitetet i Oslo Universitetet i Bergen
Utdanna ved: Universitetet i Oslo
Barn: Odd Bondevik
Alle verv: stortingsrepresentant (1950 –1954 ) Norsk kyrkje- og undervisningsminister (1965 –1971 ) Norges sosialminister (1963 –1963 ) varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (1952 –1958 ) varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (1959 –1961 ) medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (1961 –1963 ) varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (1963 –1964 ) stortingsrepresentant (1954 –1958 ) stortingsrepresentant (1958 –1961 ) stortingsrepresentant (1961 –1965 )
Kjell Bondevik
Kjell Olsson Bondevik (11. mars 1901–22. desember 1983) var ein norsk Kristeleg Folkeparti-politikar og folklorist fødd i Leikanger. Bondevik vaks opp i Sogndal.
Bondevik var lærar ved Oslo Kristelige gymnas 1927-1931, stipendiat 1931-1933, lektor i Haugesund 1933-1937, rektor ved Sauda gymnas frå 1937, dosent i folkeminne-vitskap og folkelivsgransking ved Universitetet i Bergen.
Bondevik var stortingsmann for Rogaland fylke 1950-1965, Kristeleg Folkeparti sin nestformann 1955-61 og parlamentarisk leiar 1961-65.
Vidare var han sosialminister i John Lyng si regjering 1963, og kyrkje- og undervisingsminister i Per Borten si regjering 1965-71.
Etter at Borten si regjering gjekk av den 2. mars 1971 på grunn av «lekkasjesaka» om EF, fekk Bondevik, etter at Høgres John Lyng var vorten uaktuell som statsministerkandidat, den 6. mars i oppdrag å danna ei ny firepartiregjering. Dei samarbeidande partia skulle vera Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Forhandlingane tok til måndag den 8. mars.
Då han allereie neste kveld den 9. mars måtte gje opp, kom han på direktesendt fjernsyn med denne klassiske uttala:
- «Eg er djupt såra og vonbroten over at Senterpartiet, som gjekk sterkt inn for å få meg til å prøva å skipa ei ny regjering, mot mitt personlege ynskje, ikkje sa greitt ifrå om sitt standpunkt. Særleg er det leitt at Senterpartiet gav dei andre partia grunn til ein optimisme som det viste seg ikkje å vera grunnlag for.
- Alle representantane frå dei andre partia rekna med at det var skapt eit akseptabelt grunnlag som alle burde kunne ha stått på, men det viste seg altså ikkje å vera tilfelle.
- Når eg tenkjer på alle dei sakene som samarbeidsregjeringa har gjennomført i dei siste fem åra, og nye – som ein kunne ha fått gjennomført – gjev eg uttrykk for djup sorg over det som no har hendt.»
I ettertid har «djupt såra og vonbroten» vorte eit populært uttrykk, som vert nytta av både nynorsk- og bokmålsfolk.
Kjell Bondevik var onkel (farbror) til Kjell Magne Bondevik.
Bibliografi
Bøker
- 1933 – Jordbruket i norsk folketru : ei jamførande gransking. 1. Åringsmerke (Oslo: Norsk folkeminnelag) I fulltekst ved nb.no
- 1935 – Valfarting og lovnader (Haugesund: Haugesund museum)
- 1938 – Karmsund mållag i 25 år (Haugesund) I fulltekst ved nb.no
- 1941 – Sogndal Sparebank i 100 år : 1841 – 10. juli – 1941 (Haugesund: Nils Sunds Prenteverk) I fulltekst ved nb.no
- 1948 – Studiar i norsk segnhistorie (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1950 – Jordbruket i norsk folketru : ei jamførande gransking. 2. Langtidsvarsel (Oslo: Norsk folkeminnelag) I fulltekst ved nb.no
- 1958 – Kristelig Folkeparti 1933-1958 (Oslo) I fulltekst ved nb.no [Formann i skriftnemnda]
- 1966 – Sogndal Sparebank i 125 år : 1841 – 10. juli – 1966 (Sogndal: Sogndal Sparebank) I fulltekst ved nb.no
- 1971 – Sogndal Folkehøgskule i 100 år (Sogndal: Sogndal Folkehøgskule) I fulltekst ved nb.no
- 1975 – Kristent innslag i norsk politikk 1800-1930 (Oslo: Luther forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1977 – Jordbruket i norsk folketru : ei jamførande gransking. 3. Vårtidi og sumaren (Oslo: Noreg Boklag) I fulltekst ved nb.no
I bøker – eit utval
- 1937 – Folkedikting (Bergen: Grieg) I fulltekst ved nb.no [I: Norske bygder. Bind 4. Sogn, s. 141-158]
- 1938 – Høgtider i Noreg og på Island (Oslo: Aschehoug) [I: Nordisk kultur. XXII, s. 89-112]
- 1939 – Korleis kan ei tru verta til (Bergen) I fulltekst ved nb.no [I: Heidersskrift til Gustav Indrebø, s. 101-112]
- 1940 – Gard og grend (Oslo: Aschehoug) [I: Norsk kulturhistorie. IV, s. 75-127]
- 1975 – Truer og førestellingar i stadnamn (Oslo: Grøndahl) I fulltekst ved nb.no [I: Norske stedsnavn/stadnamn, s. 132-144]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Om Kjell Bondevik i Allkunne
- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
- Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff
- 1969 – I stridens hete : Kjell Bondevik (Oslo: Lutherstiftelsen) I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Arthur Berg]
- 1971 – Demokrati og kulturansvar : festskrift til Kjell Bondevik på 70-års dagen 11. mars 1971 (Oslo: Valo) I fulltekst ved nb.no
- 1981 – Statsministeren vi ikke fikk : Kjell Bondevik : en biografi (Oslo: Gyldendal). ISBN 82-05-13028-0 I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Ingvar Haddal]
- «Kjell Bondevik». Stortinget.no.
Norske sosialministrar etter 1945
|
|
---|---|
Sven Oftedal (1945–48) • Aaslaug Aasland (1948–53) • Rakel Seweriin (1953–55) • Gudmund Harlem (1955–61) • Olav Bruvik (1961–62) • Aase Bjerkholt (1963) • Olav Gjærevoll (1963) • Kjell Bondevik (1963) • Olav Gjærevoll (1963–65) • Egil Aarvik (1965–71) • Odd Højdahl (1971–72) • Bergfrid Fjose (1972–73) • Sonja Ludvigsen (1973–74) • Tor Halvorsen (1974–76) • Ruth Ryste (1976–79) • Arne Nilsen (1979–81) • Leif Arne Heløe (1981–86) • Tove Strand Gerhardsen (1986–89) • Wenche Frogn Sellæg (1989–90) • Tove Veierød (1990–92) • Grete Knudsen (1992–94) • Hill-Marta Solberg (1994–97) • Magnhild Meltveit Kleppa (1997–2000) • Guri Ingebrigtsen (2000–01) • Ingjerd Schou (2001–04) • Dagfinn Høybråten (2004–05)
|
Norske kyrkje- og undervisningsministrar etter 1945
|
|
---|---|
Kaare Fostervoll (1945-48) • Lars Moen (1948-53) • Birger Bergersen (1953-60) • Helge Sivertsen (1960–63) • Olaf Kortner (1963) • Helge Sivertsen (1963-65) • Kjell Bondevik (1965-71) • Bjartmar Gjerde (1971-72) • Anton Skulberg (1972-73) • Bjartmar Gjerde (1973-76) • Kjølv Egeland (1976-79) • Einar Førde (1979-81) • Lars Roar Langslet/Tore Austad (1981-82) • Kjell Magne Bondevik (1983-86) • Kirsti Kolle Grøndahl (1986-88) • Mary Kvidal (1988-89) • Einar Steensnæs (1989-90)
|
Autoritetsdata |
---|