Kjell Bergfjord
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 1947 (78 år)
Yrke: lærar, historikar, forfattar
Kjell Bergfjord
Kjell Bergfjord (fødd 1947) er ein norsk lærar, historikar og forfattar. Han er frå Lindås og busett i Vik kommune.
Bergfjord var i perioden 1975-1996 tilsett ved Vik vidaregåande skule, frå 1980-1996 som rektor. Frå 1996 var han assisterande administrasjonssjef i Vik kommune, seinare vart han oppvekstsjef. Bergfjord var studieleiar for lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 2008.
Bibliografi
Bøker
- 1975 – Lygramålet : ein studie i talemålet hjå eldre og yngre i ei utkantbygd i Nordhordland (Bergen: Universitetet) [Hovedoppgave i norsk – Universitetet i Bergen, 1975, I]
- 1989 – Amerikafeber : om likskapar og ulikskapar i utvandringsmønsteret i Sogn og Fjordane : rapport frå Utvandrarseminaret i Vik, 23. og 24. juni 1989 (Vik: Komiteen for utvandringsseminaret i Vik). ISBN 82-992043-0-5 I fulltekst ved nb.no [Redaktørar: Kjell Bergfjord, Arne Inge Sæbø]
- 1996 – Vik sparebank : ein 150-årig støttespelar i teneste for bygda og bygdefolket : 1846-1996 : 150 år (Vik: Vik sparebank). ISBN 82-993829-0-4 I fulltekst ved nb.no
- 1997 – “Til jordbrugets ophjælp” : ei reise i soga til meieriet i Vik gjennom 100 år (Vik: Sogn og Fjordane meieri). ISBN 82-994205-0-4 I fulltekst ved nb.no
- 2000 – Eit hamskifte i meierisamvirket : eit oversyn over soga til Sogn og Fjordane meieri frå 1985 til 1997 (Bryne: Tine meieriet vest). ISBN 82-995611-0-8 I fulltekst ved nb.no
- 2002 – Frå praktisk jenteskule til regionalt kompetansesenter : ei reise i tid med Luster vidaregåande skule gjennom 125 år (Hafslo: Luster vidaregåande skule). ISBN 82-996212-0-8 I fulltekst ved nb.no [På omslaget: Luster vidaregåande skule 125 år : frå praktisk jenteskule til regionalt kompetansesenter 1877-2002]
- 2004 – Mjølk og meieri i ei skiftande tid : med Vestlandsmeieriet som aktør frå 1985 til 2002 ( Tine meieriet vest) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Fylkesleksikon Sogn og Fjordane[daud lenkje]