Kari Arnestad
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 8. oktober 1910
Død: 20. juni 1985 (74 år)
Yrke: lyrikar, skribent
Kari Arnestad
Kari Jenny Kristine Arnestad (fødd 8. oktober 1910 i Hyen i Gloppen, død 20. juni 1985) var ein norsk evangelist, kurator og forfattar.
Ho var dotter til ein lærar og vaks opp i Angedalen i Førde og på Hestenesøyra i Gloppen. Arnestad gjekk på folkehøgskule på Vereide og bibelskule i Oslo. Ho var reisesekretær i Oppland krets av Det Norske Misjonsselskap i 20 år. Arnestad tok sosialskule og arbeidde som kurator ved Hvite Bånds kurhjem i Oslo og ved Risby kurhjem på Dokka. Kari Arnestad budde i Gloppen frå 1973. Ho omsette salmen Hvo ene lader Herren råde til nynorsk (Norsk Salmebok nr 459).
Verk
- 1979 – Under Guds regnboge : dikt (Stavanger: Dreyer) I fulltekst ved nb.no
Kjelder
- «Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986». Naustdal: Sogn og Fjordane forlag. 1990. s. 181. ISBN 82-90576-13-7.