Jens Olavson Espedal
Fødd: 5. februar 1898
Død: 13. november 1925 (27 år)
Yrke: skribent
Sjanger: Dikt, prosa
Debut: Kvardagskvæde, 1926
Jens Olavson Espedal
Jens Olavson Espedal (fødd 5. februar 1898 på Espedal, død 13. november 1925)[1] var ein radikal forfattar med røter i bondesamfunnet. Han var elev ved Mo jordbruksskule i Førde i 1917 og ved Voss folkehøgskule 1920 til 1921.
Diktsamlinga Kvardagskvæde vart gjeven ut posthumt av slektningar i 1926 året etter at Espedal døydde 27 år gamal. Aasulv Stave meldte lyrikkboka til Jens Olavson Espedal i avisa Firda Folkeblad i april utgjevingsåret og i omtalen heiter det mellom anna «…stemningsfulle dikt i ei lett skyneleg og folkeleg form utan store fakter».[2] Bokmeldar Stave var uroa over sjukdomen som til slutt kravde livet til Espedal, og dette kom til uttrykk i eit dikt kalla «Til Den sjuke Sunnfjorddiktaren» publisert i Firda Folkeblad to månadar før Espedal døydde.[3]
Jens Olavson Espedal fekk også på prent dikt i målbladet Unglyden, i det litterære tidsskriftet Ung Norig og avisa Gula Tidend. Han sette om dikt av Gustav Fröding frå Sverige, og fekk dei prenta i Gula Tidend.[4]
Aasmund Olavsson Vinje var ein særs viktig inspirasjonskjelde for Jens Espedal, og mellomnamnet Olavsson henta han frå Vinje.
Jakob Sande var inspirert av radikalismen til Jens Olavson Espedal, meiner Sande-biograf Ove Eide.
Bibliografi
Bøker
1926 – Kvardagskvæde (Svorkmo: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift – eit utval
Referansar
- ↑ Gallis (redaktør) “Nynorsk bokliste” 1942, side 48 og Lund-Iversen 1990, side 147
- ↑ Firda Folkeblad 30.4 1926, side 2
- ↑ Firda Folkeblad 15.9.1925, side 1
- ↑ Eide 2002, s. 178.
Kjelder
- «Jens Espedal, bonderadikal skribent og forfattar frå Fjaler i Sunnfjord». Allkunne. Henta 24. juli 2014.
- Ove Eide (2002). «Bonde og bolsjevik : ein sunnfjordsk Olavson (Vinje)». Jakob Sande. 2002: 178-205. Årbok Jakob Sande-selskapet gir ut
- Arne Gallis, red. (1942). Nynorsk bokliste : fjerde bandet 1926-1935 (med tillegg). Oslo: Samlaget.
- Carl Lauritz Lund-Iversen (red.) (1990). Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986 med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz Lund-Iversen. Naustdal: Sogn og Fjordane forlag.
- Aasulv Stave (15. september 1925). «Til Den sjuke Sunnfjorddiktaren». Firda Folkeblad: 1.
- Aasulv Stave. «Jens Olavson Espedal. Kvardagskvæde.». Firda Folkeblad. 30.4 1926, s. 2.
Bakgrunnsstoff
- Jens Espedal. «Til Ungdomslagi og norskdomsfolket i Fjaler!». Firda Folkeblad.
- Om Jens Olavson Espedal i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
- Carl Lauritz Lund-Iversen, red. (1990). Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986 med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz Lund-Iversen. Naustdal: Sogn og Fjordane forlag. s. 59-60. ISBN 8290576137. [Dikta «I yngd og vaar», «Det er mykje rart i verda –», «Dagskvæde», og «Skalden»]
- Gravminner