Iver Leganger
Fødd: 26. februar 1629 Leikanger
Død: 1702 (73 år)
Yrke: prest
Iver Leganger
Iver Erikssøn Leganger (26. februar 1629–3. april 1702)[1] var ein norsk prest og forfattar. Han var fødd i Leikanger der faren Erik Iversen Nordal var sokneprest og prost.[2] Faren hadde etternamnet etter Norddal der hans far var prest, medan Iver tok namnet «Leganger» etter Leikanger. Mora var presteenka Karen Nilsdatter Werner (død 1634). Halvbroren Peder E. Leganger (1638-1706) var sokneprest i Hå på Jæren.
Biografi
Leganger var gift med Maren Bertelsdatter Glad f. Mule (1614–1665), dotter til lagmann Bertel Christenssøn Mule og Sidsel Olufsdatter. Gift på ny med Anna Pedersdatter Finde (1645–1728), dotter til sokneprest Peder Jørgenssøn Finde og Barbara Henriksdatter Nitter. I tillegg til København og universitetet der, reiste han i ungdommen rundt i Tyskland og Nederland der han vitja ei rad byar.
Leganger var sokneprest i Vik i Sogn frå 1657 og prost i Sogn frå 1668. Han hadde store eigedommar i Vik og andre stader i Sogn, protokollen over desse eigedommane (jordebok) ligg hos Universitetsbiblioteket i Bergen. Gjennom dotterdottra Birgitte Munthe, fekk Anders Daae hand om mykje av desse eigedommane.
Leganger var også historisk og topografisk forfattar, og var inspirert av Tormod Torfæus som han brevskifta med. Leganger skreiv mellom anna ei skildring frå Sogn, Circa brevissimam Sogniæ chorographiam.[3] Den topografiske skildringa tok for seg prestegjelda i Sogn og omtala natur, vegar, kyrkjer og lokale minnesmerke. Han gav også ut ei teologisk avhandling om to vers hjå profeten Jesaja, Simplicissima Textus Prophetici expositio, Esaiæ LV. 6–7.[4]
Iver Legangers barn:
- Karen (1668-1702), gift med Ludvig Christophersen Munthe (sokneprest i Vik etter svigerfaren), svigermor til Anders Daae (1680–1763)
- Erik (1669-1752) var sokneprest i Torvastad
- Peder (død 1726) var fut i ytre og indre Sogn.
- Maren (1678-1719) var gift med oberst Gerhard Christophersen Munthe (soneson av biskopen Ludvig Munthe og bror av Ludvig Munthe gift med eldre søster).
- Iver (1680-1750), sokneprest i Leikanger, godseigar, far til
- Samuel Bugge Leganger (1728-1792), sokneprest i Eid
- Nils (1682-1747) var sokneprest i Os, prost, gift med Maren Finde, far til
- Iver Leganger (1711-1751) sorenskrivar på Sunnmøre, gift med Cathrine Astrup (1714-1768), søster av Hans Astrup
- Gertrud Garmann Leganger (1730-1768), gift med Hans Astrup (1719-1769) kapellan i Os
I Hopperstad stavkyrkje er ei minnetavle (med tekst på latin) over Leganger måla rett på kyrkjeveggen.
Bibliografi
Bøker
- 1650 – Collegii anatomici disputatio : 5 : De epate et bilis receptaculis (Hafniae: Typis Melchioris Martzan) [Av: Thomas Bartholin, Iver Eriksen Leganger. Er del av: Thomas Bartholin: Collegii anatomici disputatio Hafniae : Typis Melchioris Martzan]
- 1692 – Simplicissima textus prophetici expositio Esaiae LV. 6-7 : qui … pro anniversaria litani publica, die, post paschale festum, veneris qvarta, in aedibus regnorum borealium sacris proponi solet, dilucidata … (Hafniae)
- 1693 – [Brevveksling mellom Tormod Torfæus og Iver Eriksen Leganger] (København) [Av: Tormod Torfæus, Iver Eriksen Leganger. Trykt i Torfæana, København, 1777, s. 150-170]
- 1693 – Circa brevissimam Sogniae chorographiam [Utgitt i: Torfæana, 1777, s.170-182]
- 1899 – Optegnelser af Erik Iversen Nordal og Iver Eriksen Leganger (København) [Av: Erik Iversen Nordal, A.E Erichsen, Iver Eriksen Leganger. Særtrykk av: Personalhistorisk tidsskrift, 4. R. 2.B.]
- 1945 – Leganger’ske optegnelser for årene 1621-1665 : Erik Iversen Nordal og Iver Eriksen Legangers slektsoptegnelser fra Sogn (Oslo: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no [Av: Erik Iversen Nordal, Iver Eriksen Leganger. Ved S.H Finne-Grøn]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- ↑ Biografisk leksikon/SNL lese på nett 16. mars 2013.
- ↑ Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Biografiske Efterretninger., utgjeve posthumt av presten Daniel Thrap (Cammermeyers Boghandel 1895)
- ↑ Leganger, Iver (1693): Circa brevissimam Sogniae chorographiam. Manuskript. Utgitt i: Torfæana 1777. Omsett av Johannes Brochmann og trykt i Tidsskrift for Historielaget for Sogn, 1(1910), s.15-26.
- ↑ Leganger, Iver (1692): Simplicissima textus prophetici expositio Esaiae LV. 6-7. Hafniae: Typis Christiani Weringi.
- Om Anders Daae i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane[daud lenkje]
- Om Iver Leganger i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff