Ingvar Nistad
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 3. oktober 1954 (70 år) Fjaler kommune, Sunnfjord
Yrke: lærar, keramikar, forfattar
Ingvar Nistad
Ingvar Nistad (fødd 3. oktober 1954) er ein norsk forfattar, lærar og keramikar frå Fjaler i Sogn og Fjordane, busett i Strandvik i Hordaland. Nistad gjekk ut frå lærarhøgskulen i Sogndal i 1977, og studerte ved Kunsthøgskolen i Bergen frå 1979 til 1983.
Han debuterte i 2000 med diktsamlinga Eg les denne steinen.
Bibliografi
Bøker
- 2000 – Eg les denne steinen : dikt (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-5568-5 I fulltekst ved nb.no
- 2001 – Can I touch this? : dikt (København: Basilisk). ISBN 8790491645 [Omsett av René Jean Jensen og Pejk Malinovski]
- 2008 – Dagane i Cholpon-Ata : dikt (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-7172-3
- 2018 – Under Säfstaholmen : dikt (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9748-8
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Samlaget
Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.