Gaute Losnegård

Gaute Losnegård

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 12. april 1970 (54 år)

Yrke: Historikar, forfattar

Sjanger: Bygdebøker, bøker om historiske emne

Far: Rolf Losnegård

Debut: “Fyr det gode og væne i livet” : Holmedal Ungdomslag 1896 -1996 , 1996

Gaute Losnegård

Gaute Losnegård (fødd 12. april 1970) er ein norsk historikar og faglitterær forfattar. Han er fødd i Bergen, og busett i Holmedal i Askvoll kommune.

Han debuterte i 1996 med ungdomslagsboka Fyr det gode og væne i livet. Seinare har han skrive fleire lokalhistoriske og kulturhistoriske bøker, som for eksempel Død og pine (som handlar om Hetle-saka), Dalsfjord-boka: frå Gaularfjorden til Bulandet (saman med Henning Rivedal og Rolf Losnegård), Ingolfr – norsk-islandsk hopehav 870–1536, Riddarane av Losna, Peter Andreas Blix – i strid for vern og vekst og ei bygdebok for Jondal kommune i tre bind. I 2008 kom boka Norsk rutebilhistorie ut på Skald forlag. I 2012 gav han ut første bindet i historieverket om Flora, «Historia om Flora. Før byen kom – tida fram til 1860» (Selja Forlag). I 2013 gav han ut «Norske ulukker og katastrofar» (Skald forlag).

Gaute Losnegård er son til Rolf Losnegård.

Bibliografi

Bøker

  • 1996 – “Fyr det gode og væne i livet” : Holmedal Ungdomslag 1896-1996 (Holmedal: Alden). ISBN 82-993951-0-0 I fulltekst ved nb.no
  • 1999 – 60 år under lupen : Forskerforeningen ved Universitetet i Bergen (Bergen: Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen). ISBN 8299522102 I fulltekst ved nb.no  [Av Gaute Losnegård og Paal Nupen]
  • 1999 – Dalsfjordboka : frå Gaularfjellet til Bulandet (Leikanger: Skald). ISBN 82-7959-007-2 I fulltekst ved nb.no  [Av Gaute Losnegård, Rolf Losnegård, Henning Rivedal]
  • 1999 – Ordet er fritt! : Studentersamfunnet i Bergen 1934-1999 (Bergen: Studentsamskipnaden i Bergen en). ISBN 82-995495-0-7 I fulltekst ved nb.no  [Av Gaute Losnegård og Paal Nupen]
  • 2001 – Peter Andreas Blix : i strid for vern og vekst (Førde/Leikanger: Selja/Skald). ISBN 82-7959-021-8 I fulltekst ved nb.no  [Gaute Losnegård og Rolf Losnegård]
  • 2003 – Jondal kommune : gards- og slektssoge. Bind 1 (Jondal: Jondal kommune). ISBN 82-996722-2-8 I fulltekst ved nb.no
  • 2003 – Jondal kommune : gards- og slektssoge. Bind 2 (Jondal: Jondal kommune). ISBN 82-996722-3-6 I fulltekst ved nb.no
  • 2005 – Ingolfr : norsk-islandsk hopehav 870-1536 (Førde: Selja). ISBN 82-91722-50-1 I fulltekst ved nb.no  [Av: Jón Viðar Sigurðsson, Berit Gjerland, Gaute Losnegård]
  • 2006 – Død og pine : justismordet Hetlesaka (Førde: Selja). ISBN 82-91722-63-3
  • 2006 – Jondal kommune. Bind 3 : allmennsoge . Frå øksehogg til tastetrykk (Jondal: Jondal kommune). ISBN 82-996722-4-4
  • 2008 – Norsk rutebilhistorie (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-125-2
  • 2009 – Havfolk og fjordfolk : allmennsoge for Askvoll. Bind 1 (Askvoll: Askvoll kommune). ISBN 978-82-93016-00-7
  • 2011 – Havfolk og fjordfolk : allmennsoge for Askvoll. Bind 2 (Askvoll: Askvoll kommune). ISBN 978-82-93016-01-4
  • 2012 – Historia om Flora : før byen kom : tida fram til 1860 (Førde: Selja forlag). ISBN 978-8282-400-58-9  [Band 1]
  • 2013 – Norske ulykker og katastrofar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-196-2
  • 2016 – Stend : kultursentrum gjennom to tusenår (Leikanger: Skald). ISBN 9788279592488  [[[Yngve Nedrebø]], medforfattar]
  • 2016 – Historia om Flora : bymann og fiskarbonde (Førde: Selja forlag). ISBN 9788282401043  [Band to]
  • 2017 – Historia om Flora : vendt mot havet 1945-2017 (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-126-5  [Band tre]
  • 2019 – Sosialisme i trivselsfylket, Sogn og Fjordane SF [og] Sogn og Fjordane SV, 1965-2019 (Askvoll: Vestland SV). ISBN 978-82-303-4165-0
  • 2020 – Fjell bygdebok: Band VII. Allmennhistoria 1910-2019. (Rong: Bodoni). ISBN 9788284030852  [Av: Gaute Losnegård, Halvor Skurtveit]
  • 2021 – Ekte skiglede i hundre år . Åsnes ski 1922-2022 (Straumsnes: Åsnes 2022). ISBN 978-82-303-5173-4
  • 2021 – Reisa til Moskva : historia om Torolv Solheim (Førde: Selja forlag). ISBN 9788282401746
  • 2022 – Strynesoga:Bind 1:Randabygda – Hopland, Blakset – Fjelli, Markane – Faleide (Stryn: Stryn historielag). ISBN 9788269301410  [Bidragsyter: Stryn historielag]
  • 2022 – Da Gutenberg kom til Florø : frå trykkekunstens historie i kystbyen (Nøtterøy: Thor Asgeir Johannesen). ISBN 9788230357583
  • 2023 – Bremanger bygdebok : Band V : Allmennsoge 1850-1945 (Svelgen: Bremanger kommune). ISBN 9788299741453  [Medforfattar: Årstein Svihus ]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

I tidsskrift – eit utval


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord