Erik Grant Lea

Erik Grant Lea

Fødd: 15. oktober 1892

Død: 28. april 1979 (86 år)

Yrke: reiar

Erik Grant Lea

Erik Lawrence Grant Lea (15. oktober 1892–28. april 1979) var ein norsk skipsreiar og jobbetidsspekulant frå Bergen.

Lea, som var son til ein «noe eksentrisk språklærer og translatør» i Bergen, arbeidde som kontorist frå han var 16 år gammal. I 1915 etablerte han seg som disponent for ulike reiarlag. Gjennom 1915-16 etablerte han 12 dampskipsselskap, alle med ein einaste båt, som både kjøpte og selde skip. Sjølv åtte han få aksjar i dei ulike selskapa, noko som i 1917 førte til at han i 1917 mista disposisjonen over selskap då aksjonærgrupper organiserte seg og tok styringa i selskapa.

I 1917 skipa han fleire forsikringsselskap, eit av dei med avdelingskontor i Kristiania og fleire utanlandsagentur. Same året starta han opp Leas Aktie- & Bankierforretning A/S. I 1919 vart det klart at banken hadde store tap, samstundes som forsikringsverksemda sleit økonomisk. Banken vart slått konkurs hausten 1921, og forsikringsselskapa avvikla. Dei neste åra dreiv han som skipsreiar i det små, i 1925 var det heile over.

Lea flytta i 1925 til Gjølanger i Fjaler, der han budde livet ut.

Bibliografi

Bøker

  • 1970 – Røsslyng : stemninger og tanker (Førde: Øens forlag) I fulltekst ved nb.no  [Tegninger av Kari Johannessen]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord