Elly Oppedal
Fødd: 1918 (105 år)
Yrke: lyrikar, skribent
Elly Oppedal
Elly Oppedal (fødd 1918) er ein norsk forfattar og lærar. Ho er frå Vågsøy. Oppedal har arbeidd fleire stader i landet, og sist ved Måløy vidaregåande skule i Vågsøy.
Elly debuterte som 12-åring i barnebladet Magne, men ho brukte då ikkje eige namn. Ho har seinare fått publisert arbeida sine i mellom anna Vinduet. Ho har også vore aktiv i Sogn og Fjordane skrivelag.
Bibliografi
Bøker
- 2000 – Tiriltungetid : dikt og små prosastykke (Måløy: Elsi forlag) . ISBN 82-995514-1-2
I bøker – eit utval
- 1995 – Vengeslag : 10 år Sogn og Fjordane skrivelag 1985-1995 (Nordfjordeid: Sogn og Fjordane skrivelag) . ISBN 82-993603-0-7 I fulltekst ved nb.no [Inneheld dikt av Elly Oppedal, s. 56-58]
- 2005 – Tankar møtest : antologi 2005 (Nordfjordeid: Sogn og Fjordane skrivelag) [Inneheld dikt av Elly Oppedal]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Jul i Nordfjord 2003