
Eli Kari Gjengedal
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 24. mars 1971 (55 år) Leikanger kommune
Yrke: vêrmeldar, programleiar, kommuneingeniør, bartender
Prisar: Dialektprisen
Eli Kari Gjengedal
Eli Kari Gjengedal (fødd 24. mars 1971 i Leikanger) er ein norsk forfattar og akvaingeniør. Ho er kanskje mest kjend som tidlegare vêrpresentatør i StormGeo med ein sterk nynorsk profil, der ho mellom anna presenterte vêret på TV 2 frå 2000 til 2012. I tillegg har ho i kortare periodar vore programleiar på kanalen.
Eli Kari Gjengedal er utdanna som akvaingeniør og har i tida før jobben i fjernsyn arbeidd som servitør, bartendar og hovmeistar. I 1999 tok ho bartendarprøven og har fleire gonger delteke i NM i cocktailmiksing. Denne kunnskapen nytta ho i den første boka si, Cocktail – 44 vegar til fin bris frå 2005 på Skald forlag, med oppskrifter på drinkar og soger frå utelivsbransjen.
I 2007 gav ho ut den nynorske barneboka Karl Oscar i hardt vêr, illustrert av Ingunn Elida Wiken, om katten Karl Oskar som brukar eitt år på å finne heim att, i all slags vêr, etter å ha kome bort frå familien på sommarferie. Samstundes forklarar ho dei ulike vêrfenomena som Karl Oscar vert råka av på ein enkel måte for born.
Ho er òg kjend for å ha sunge ei heil vêrmelding som eit reklamestunt på TV 2 i 2009. Klippet vart sett av over 150 000 på nettsida. 11. november 2011 hadde ho på seg ein romdrakt frå VilVite-senteret i Bergen, medan ho presenterte vêret.[1]
Bøker
- 2005 – Cocktail : 44 vegar til fin bris (Leikanger: Skald forlag). ISBN 82-7959-050-1 I fulltekst ved nb.no
- 2007 – Karl Oscar i hardt vêr (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-108-5
- 2010 – Værtegn i Norge : over 450 varsler og tegn fra hele landet (Oslo: Kagge Forlag). ISBN 978-82-489-0983-5
- 2011 – Moro med vær (Oslo: Kagge Forlag). ISBN 978-82-489-1112-8
- 2012 – Vanvittig moro med vann (Oslo: Kagge Forlag). ISBN 978-82-489-1217-0
- 2021 – 48 – ein overgang : dikt (Bergen: Kapabel forlag). ISBN 9788281632592 [Foto Ronald Toppe]
Kjelder
- ↑ .mw-parser-output code.cs1-code{color:inherit;background:inherit;border:inherit;padding:inherit}.mw-parser-output .cs1-hidden-error{display:none;font-size:100%}.mw-parser-output .cs1-visible-error{font-size:100%}.mw-parser-output .cs1-maint{display:none;color:#33aa33;margin-left:0.3em}.mw-parser-output .cs1-subscription,.mw-parser-output .cs1-registration,.mw-parser-output .cs1-format{font-size:95%}.mw-parser-output .cs1-kern-left,.mw-parser-output .cs1-kern-wl-left{padding-left:0.2em}.mw-parser-output .cs1-kern-right,.mw-parser-output .cs1-kern-wl-right{padding-right:0.2em}Prestegården, Håvard (2011-11-11), «Meldte været i romdrakt», Bergensavisen (på norsk), henta 2022-05-23
- Om Eli Kari Gjengedal i Allkunne Arkivert 2018-09-13 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Eli Kari Gjengedal» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2017.
Bakgrunnsstoff
- (no) Bøker av Eli Kari Gjengedal hos Nasjonalbiblioteket
- Meldte været i romdrakt, ba.no
| Autoritetsdata |
|---|
