Edvard Os

Edvard Os

Fødd: 20. april 1885 Nordfjordeid

Død: 9. januar 1970 (84 år) Oslo

Yrke: skribent

Edvard Os

Edvard Os (20. april 1885–9. januar 1970 var ein norsk offiser og norsk domsmann frå Eid kommune i Nordfjord. Han var sjef for Varanger bataljon 1933–1940 og forsvarssjef i Aust-Finnmark 1939–1940. Han moderniserte drifta av organisasjonane Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag som dagleg leiar for båe to i åra 1913–1927. Han var driftsstyrar i Noregs Boklag 1927–1932. I 1908 vart han varaformann i Kristiania Unge Venstre, det første lokallaget av Unge Venstre som vart stifta, og i 1909 vart han styremedlem i det første styret i Noregs Unge Venstre.
Edvard Os har også gitt ut bøker under psevdonymet Lars Busk.

Bibliografi

Bøker

  • 1914 – Brudgomen : skildringar fraa grensestidarne : spelstykke i 3 handlingar (Stavanger: Bondeungdomslaget) I fulltekst ved nb.no  [Av Lars Busk (psevd.)]
  • 1917 – Handbok aat ungdomslag (Bergen: Norigs ungdomslag)
  • 1917 – Skattleggjing av lagsbruk : samraadsmøtet paa Voss 6. juli 1917 (Oslo: Norigs Maallag)
  • 1917 – Vegar og maatar for arbeidet i maalsamskipnaden : foredrag paa aarsmøtet i Norigs maallag 9. april 1917 (Oslo: Norigs Maallag)
  • 1918 – Nationale høgmaal : den frilynde ungdomen og Norigs framtid (Oslo: Norigs Maallag)
  • 1919 – Plan i norskmaalsarbeidet (Trondheim: Norigs Maallag)
  • 1919 – Vers og talar aat Bondeungdomslaget i Oslo paa 20-aarsfesten 15. oktober 1919 (Oslo) I fulltekst ved nb.no  [Av Lars Busk (psevd.)]
  • 1920 – Norske namn og nemningar i heren : framlegg til brigde i namneverket for heren (Brandbu)  [Særprent av Norsk ungdom]
  • 1921 – Eventyrlandet : spelstykke i 3 vendingar (Oslo: Norigs Ungdomslag) I fulltekst ved nb.no  [Av Lars Busk (psevd.)]
  • 1921 – Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs Ungdomslag i 25 år (Oslo: Norigs ungdomslag) I fulltekst ved nb.no  [ved Sven Moren og Edvard Os]
  • 1922 – Handbok i lagsarbeid for ungdomslag og mållag (Oslo: Noregs ungdomslag)
  • 1924 – Stemneskrå : 1923 (Oslo: Noregs ungdomslag) I fulltekst ved nb.no  [Ved Lars Busk (psevd.)]
  • 1924 – Um hovudoppgåvone for eit fylkeslagsstyre : innleidingsforedrag (Oslo: Noregs ungdomslag)  [Særprent av Norsk Ungdom, nr 8. Foredrag åt ungdomslag nr. 17]
  • 1925 – Målfolket i dagleglivet : foredrag i B. UL., Oslo 5. septbr. 1924 (Oslo: Noregs ungdomslag)  [Særprent av Norsk Ungdom, nr 3, 1925. Foredrag åt ungdomslag nr 23]
  • 1925 – Målfolket og kommunevala 1925 : foredrag i Oslo mållag 29. september 1925 (Oslo: Noregs ungdomslag)  [Særprent av Norsk Ungdom, nr 11. Foredrag åt ungdomslag nr 25]
  • 1925 – Samskipingsarbeidet og samhøvet til andre samskipnader : foredrag på formannsmøtet i N. Ul. i Stavanger 2. juli 1925 (Oslo: Noregs ungdomslag)  [Særprent av Norsk Ungdom, nr 7. Foredrag åt ungdomslag nr 24]
  • 1926 – Arbeidsplanar og møteplanar. Tillegg 1 til Handbok i lagsarbeid (Oslo: Noregs ungdomslag)  [Særprent av Norsk Ungdom, nr 11]
  • 1926 – Bladveka og bokveka. Tillegg 2 il Handbok i lagsarbeid (Oslo: Noregs ungdomslag)  [Særprent av Norsk Ungdom, nr 11]
  • 1926 – Lagsarbeidet og lagssamskipnaden : foredrag på N. Ul.s årsmøte på Hønefoss 3. juli 1926 (Oslo: Noregs ungdomslag) I fulltekst ved nb.no  [Særprent av Norsk Ungdom, nr 9. Foredrag åt ungdomslag nr 29]
  • 1926 – Norsk mål i styringsverket : foredrag på årsmøtet i N. Ml. i Bergen 4. april 1926 (Oslo: Noregs ungdomslag)  [Særprent av Norsk Ungdom, nr 5. Foredrag åt ungdomslag nr 27]
  • 1927 – Arbeidsplan i bladveka. Tillegg 2 til Handbok i lagsarbeid (Oslo: Noregs ungdomslag)
  • 1927 – Måltvangen i forsvarsverket : foredrag i Bondeungdomslaget, Oslo (Oslo: Noregs ungdomslag)  [Særprent av Den 17de Mai. Foredrag åt ungdomslag nr 32]
  • 1927 – Skattelov og lagsliv (Oslo)  [Særprent av Den 17de Mai]
  • 1929 – Lov og fyresegner um målbruken i styringsverket : ei utgreiding og eit framlegg (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1930 – Ny jord under plogen (Oslo: Noregs boklag)  [Innlegg i Norsk Ungdom nr 8]
  • 1936 – Fru Ragna i femti år : 1886 – 23. mai – 1936 : skodespel i fleire endevendingar (Oslo)
  • 1941 – Liste over ord og nemningar i det militære fagmålet (Militær fagmålsordliste) (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1945 – Fars salmebok (Oslo: Eros)  [Ved Lars Busk (psevd.)]
  • 1946 – Mål og målstrev i Noreg : førelesingar på Krigsskulen 1945/46 (Oslo)
  • 1948 – Dalegudbrands Gud : eit svar til Arnulf Øverland (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1956 – Tenestemålet : rettleiing om mål og målbruk i dagleg teneste på offentlege kontor (Oslo: Noregs mållag) I fulltekst ved nb.no
  • 1957 – Selje og Vågsøy : bygdene og bygdesamfunnet (Oslo) I fulltekst ved nb.no  [Band 5, del 1. Bolk 2 i rekkja Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no.]
  • 1961 – Bøygen : ei minnebok om tilskipnad og tilsyn med lov og føresegner om målbruk i statstenesta (Oslo: Noregs Mållag) I fulltekst ved nb.no
  • 1963 – Eid idrettslag 1863-1963 : idrettsliv i Nordfjord i 100 år (Nordfjordeid: Eid idrettslag) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord