

Arve Sandal
Fødd: 1948 (77 år)
Yrke: skribent
Arve Sandal
Arve Sandal (fødd 1948) er ein norsk journalist. Han er fødd på Sandane i Gloppen kommune, og busett i Førde. Sandal var journalist i Sunnmørsposten 1974-1982 og NRK Sogn og Fjordane 1982–1986. Saman med Ole Fretheim skipa han videoproduksjonsselskapet Vest Vision i Førde 1986.
Frå 1991-2001 var Sandal redaksjonssjef ved NRK Sogn og Fjordane og frå 2001-2013 var han banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane. Då vart han tilsett som prosjektleiar for Nynorsk avissenter.
Sandal har stått sentralt i arbeidet med Konjunkturbarometeret for Sogn og Fjordane sidan det vart skipa i 2002.
Arve Sandal har gitt ut fleire praktbøker.
Bibliografi
Bøker
- 2008 – Rein luksus : frå Stad til Storen (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-133-7 [Tekst Arve Sandal ; foto Arve Ullebø]
- 2011 – Reint eventyr : frå Hornelen til Galdhøpiggen (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-163-4 [Tekst / Arve Sandal ; foto: Simone Stibbe og Arve Ullebø]
I bøker – eit utval
- 1979 – Rapport fra golvet : om barn – for barn og voksne (Ålesund: Nordvest informasjon) . ISBN 8290330006 I fulltekst ved nb.no [Redaktør Oddvar Nilsen. Ein av bidragsytarane er Arve Sandal]
Kjelder
- Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2016-02-23 ved Wayback Machine.