

Anne-Pia Nygård
Fødd: 10. august 1977 Sandane
Yrke: skribent, sjølvbiograf
Anne-Pia Nygård
Anne-Pia Nygård (fødd 10. august 1977) er ein norsk forfattar frå Gloppen i Sogn og Fjordane. Ho har ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur og grunnfag i engelsk.
Nygård vart fødd med ein ryggskade som vart forverra etter kvart som ho vaks. Ti år gammel vart ho lam. Forfattarskapen byggjer på erfaringene hennar i møte med livet som funksjonshemma. Boka «Det som ingen ser» er retta mot helsepersonell og andre som jobbar med barn og ungdom, og ho gir eit perspektiv på livet til ein rullestolbrukar, der Nygård tek lesaren med inn i tankane og erfaringane til personen i rullestolen.
Bibliografi
Bøker
- 2009 – Det som ingen ser (Rasta: Norske bøker) . ISBN 978-82-8112-130-0
Kjelder
- 2009 – Det som ingen ser [Baksidetekst om forfattaren]
Bakgrunnsstoff
- Forfattarbesøk på Gloppen opplæringssenter
- NRK Sogn og Fjordane
- bokkilden.no: Om forfattaren og boka «Det som ingen ser».
- Om boka på engelsk fra loaghtanbooks.com