Anna Jorunn Avdem
Fødd: 1952 (72 år) Lesja
Yrke: skribent, politikar
Ektefelle: Jan Olav Fretland
Born: Jostein Avdem Fretland
Anna Jorunn Avdem
Anna Jorunn Avdem (fødd 1952) er ein norsk historikar, forfattar og SV-politikar. Ho er fødd i Lesja, busett i Lærdal. Avdem har som forfattar gjeve ut fleire bøker om kvinner sine kår. Ho har arbeidd som lærar i skulane i Lærdal og i 2002 vart ho tilsett som museumslektor på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.
Hovudoppgåva hennar «Gjort kva gjerast skulle» vart gjeve ut som bok i 1984. Saman med Kari Melby gav ho ut «Opp først og sist i seng» 1985, og i 2001 gav Avdem ut «Husmorparadiset», der ho skildrar glansåra for husmorrolla på 1950- og 1960-talet. I 2009 gav ho ut ”Levd liv, ei soge om sogningane og muséet deira” (Skald) saman med Aage Engesæter og Lars Asle Vold.
Avdem var varaordførar i Lærdal frå 2003 til 2007.
Ho er gift med Jan Olav Fretland og mor til Jostein Avdem Fretland.
Bibliografi
Bøker
- 1984 – – gjort kva gjerast skulle : om arbeid og levekår for kvinner på Lesja ca. 1910-1930 (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200068846 I fulltekst ved nb.no
- 1985 – Oppe først og sist i seng : husarbeid i Norge fra 1850 til i dag (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 82-00-07512-5 I fulltekst ved nb.no [Av Anna Jorunn Avdem og Kari Melby]
- 1995 – “Landhandel med forpligtelse til at holde gjæstgiverie” : Lindstrøm 1845-1995 (Lærdal: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no [Av Anna Jorunn Avdem og Jan Olav Fretland]
- 2001 – Husmorparadiset : eit tilbakeblikk på husmora i 1950- og 60-åra (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5887-0 I fulltekst ved nb.no
- 2009 – Levd liv : ei soge om sogningane og museet deira (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-132-0 [Av Anna Jorunn Avdem [og] Aage Engesæter ; foto: Lars Asle Vold]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Anna Jorunn Avdem i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2016-08-17 ved Wayback Machine.