Andreas Bjørkum
Fødd: 30. mars 1932 Årdal kommune
Død: 1. april 2014
Nasjonalitet: Noreg, Sverige
Yrke: filolog
Institusjonar: Universitetet i Oslo
Alma mater: Universitetet i Oslo
Medlem: Det Norske Videnskaps-Akademi
Andreas Bjørkum
Andreas Bjørkum (30. mars 1932–1. april 2014) var ein norsk forfattar, språkvitar og professor ved Universitetet i Oslo. Han vaks opp i Naddvik i Årdal kommune. Bjørkum tok doktorgraden i 1974 med avhandlinga Generasjonsskilnad i indresognsmål. Han arbeidde for det meste ved Norsk Målførearkiv ved Universitetet i Oslo og var ein stor kjennar av norske målføre. Bjørkum forska også på språkbruken hjå norske forfattarar, mellom andre Olav H. Hauge og Tarjei Vesaas. Han gav ut meir enn 200 artiklar og bøker. Bjørkum var medlem av Norsk språkråd frå 1980 til 1992.
Bibliografi
Bøker
- 1964 – Sogn heime og ute : Sognelaget i Oslo 1914-1964 (Oslo: Sognelaget) I fulltekst ved nb.no [I redaksjonsnemnda: Andreas Bjørkum, Haakon Blaauw, Eivind Berdal]
- 1968 – Årdalsmål hjå eldre og yngre : ei utgreiing om formverket med eit tillegg om generasjonsskilnad i lydverk, ordbruk og formverk (Oslo: Universitetsforlaget) I fulltekst ved nb.no
- 1974 – Generasjonsskilnad i indresognsmål : talemålet i industribygdi Årdal og dei fire næraste jordbruksbygdene (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 82-00-18025-5 I fulltekst ved nb.no
- 1975 – “Æ vell bruk’ dialekta mi!” : om målførebruk i ulike situasjonar (Oslo: Noregs mållag, Noregs ungdomslag). ISBN 8271010360 I fulltekst ved nb.no
- 1978 – Norsk ordbok : ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. B. 2 : Dokument – flusken (Oslo: Samlaget). ISBN 9788252108781 I fulltekst ved nb.no [Redaktørar: Alf Hellevik, Andreas Bjørkum]
- 1978 – Tidsskrift. Nummer 26. Dikting og diktarar frå Sogn (Kaupanger: Historielaget for Sogn) I fulltekst ved nb.no [Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
- 1988 – Nordiske studiar : innlegg på den tredje nordiske dialektologkonferansen 1986 (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 8200026698 I fulltekst ved nb.no [Redaktørar: Arve Borg, Andreas Bjørkum]
- 1990 – Fem segner frå Vågå og Lom (1857-1869) : utformingi hjå Ivar Kleiven (Lillehammer: Dølaringen boklag). ISBN 8290072376 I fulltekst ved nb.no
- 1991 – Djup fjord og høg himmel : festskrift til Anders Ohnstad på 80-årsdagen 27. juni 1991 (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-90186-79-7 I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Anders Ohnstad. Redaktørar: Jarle Bondevik, Andreas Bjørkum]
- 1992 – Segner frå Sogn (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-90186-85-1 I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Olav Sande ; utgjevne av Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
- 1996 – Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg. 2 (Oslo: Notabene). ISBN 82-90723-18-0 I fulltekst ved nb.no [Redaktørar: Andreas Bjørkum, Magne Myhren, Bjørn Aasland]
- 1997 – Målvitskap og målrøkt : festskrift på 70-årsdagen 30. november 1997 (Oslo: Novus forlag). ISBN 8270992917 I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Kjell Venås. Redaktør: Andreas Bjørkum]
- 1998 – Målmeistaren frå Ulvik : ord og former hjå Olav H. Hauge (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-5263-5 I fulltekst ved nb.no
- 2010 – Målformene i bøkene, artiklane og reisebrevi åt Tarjei Vesaas (Hvalstad: Børkjo). ISBN 978-82-998336-0-8
- 2011 – Sjur Bygd : om bøkene hans og bruken av vossamålet (Hvalstad: Børkjo). ISBN 978-22-998336-0-8
- 2012 – Johannes Heggland : om diktaren og bøkene hans, og om målbruken (Hvalstad: Børkjo)
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Autoritetsdata |
---|