Anders O. Klakegg
Fødd: 30. mars 1913
Død: 18. juli 1990 (77 år)
Yrke: skribent
Anders O. Klakegg
Anders O. Klakegg (30. mars 1913–18. juli 1990) var ein norsk bonde og forfattar frå Klakegg i Jølster kommune. Han var odelsgut og tok over farsgarden, men i 1956 pakta han vekk garden for å kunne skrive. Han gav ut fleire romanar med handling frå Jølster på 1600-talet. Han har også gitt ut bok om Nikolai Astrup og ættesoge for Jølster.
Klakegg hadde Statens garantiinntekt for forfattarar. I 1986 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje.
Bibliografi
Bøker
1965 – Heksespel : roman (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
1967 – Galgefossen : roman (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
1971 – Audunsvollen : roman (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
1977 – Dragsoget (Oslo: Noregs boklag). ISBN 82-522-0351-5 I fulltekst ved nb.no
1980 – Eitt folk : roman (Melhus: Snøfugl). ISBN 82-7083-113-1 I fulltekst ved nb.no
1985 – Bygdebok for Jølster : ættesoge 1801-1974 (Skei: Jølster kommune). ISBN 82-7101-120-0 I fulltekst ved nb.no
1987 – Astrup, Kinck og Jølster (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-90186-53-3 I fulltekst ved nb.no
I bøker – eit utval
1961 – Jølster Samyrkelag 25 år : 16.7. 1936 – 16.7. 1961 : 25 år i bygdefolket si teneste (Skei: Jølster Samvirkelag) [Red.: Oddmund Klakegg. Av innhaldet: Glimt frå gamletida i Jølster / A. O. Klakegg]
I tidsskrift – eit utval
Kjelder
- Om Anders O. Klakegg i Allkunne
- Gravminner i Norge
- Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990. ISBN 8290576137
Bakgrunnsstoff
Autoritetsdata |
---|