Skodespel

Olav Skjerven

Olav Skjerven (15. februar 1880–3. mars 1959) var ein norsk lærar og forfattar frå Vik. Han tok eksamen ved Elverum lærerskole 1906, og i perioden 1919-1942 var han lærar i Borge i Østfold. Han var medarbeidar i Bygdabok for Vik i Sogn og skreiv artiklar i blad og tidsskrift.

Bernt Skrede

Bernt Skrede (fødd 1945) er ein norsk lærar og forfattar. Han er fødd på Norderhov, oppvaksen på Ringsaker, i Mysen, Skjeberg og på Nordfjordeid i Eid kommune. Han har eksamen frå Volda lærarskule med vidareutdanning i pedagogikk, musikk, tysk og ålmenn litteraturkunnskap. Skrede har arbeidd ved fleire folkehøgskular i Danmark, Island og Norge. H […]

Hans Supphellen

Hans Supphellen (27. mai 1905–16. desember 1993) var ein norsk bonde, sekretær og forfattar. Han var fødd i Fjærland i Sogndal kommune. Han gjekk jordbruksskule 1925, var kontrollassistent 1929-1935, jorbruksarbeidar 1935-1939 og bonde i Fjærland frå 1939. I perioden 1947-1973 var han fylkessekretær i Sogn og Fjordane bondelag.

Marit Tusvik

Marit Tusvik (fødd 13. mars 1951) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar frå Høyanger i Sogn i Sogn og Fjordane, og debuterte i 1979 med dikt-og prosasamlinga Reisa til mandarinlandet. Marit Tusvik skriv romanar, dikt, skodespel, bøker for barn og unge, biletbøker, manus til film og er omsetjar i ulike sjangrar. Ho har illustrert nokre av […]

Norvald Tveit

Norvald Tveit (fødd 22. desember 1927) er ein norsk forfattar og dramatikar frå Leirvik i Hyllestad kommune i Sogn. Som dramatikar er Tveit særleg kjent for skodespela sine. Men han har òg skrive høyrespel og fjernsynsdrama for NRK, mellom anna fleire episodar for TV-seriane Kong Sverre (1978) og Vestavind (1994). Han har også skrive sakprosa, og […]

Maria Tryti Vennerød

Maria Tryti Vennerød (fødd 17. januar 1978 i Oslo) er ein norsk dramatikar. Ho debuterte med «Meir» i 2002 og har sidan skrive ei rekkje tekstar for teater. Vennerød vann i 2003 den norsk-svenske dramatevlinga arrangert i samband med markeringa av Unionsoppløysinga 2005, med «Frank». Ho fekk Ibsenprisen i 2005 for «Dama i Luka». Ho hadde to av […]