Skodespel

Olav A. Loen

Olav Andreasson Loen (12. juli 1903–6. juli 1984) var ein norsk bonde og forfattar frå Loen i Stryn. Han skreiv også under pseudonymet Olav Alvheim. Olav A. Loen er bonde, diktar og granskar. Han har skrive romanar og noveller, skodespel og dikt, dessutan fleire lagsskrifter og utgreiingar om lokalhistoriske emne. I fjor kom ei bok med utgreiin […]

Rolf Losnegård

Rolf Losnegård (fødd 28. januar 1946) er ein norsk forfattar, dramatikar og dramaturg. Det årlege Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø og skodespelet Herr Kurz og damene er eit par av produksjonane til Losnegård. Losnegård er frå Hyllestad kommune i Sogn og flytta til Askvoll kommune i Sunnfjord som niåring. Han arbeider ved Aldateatret. Rolf […]

Amund Mork

Amund Sigurd Mork (fødd 15. desember 1884 i Oppstryn, død 27. juli 1964 i Oppstryn) var ein norsk lærar, ungdomslagsarbeidar og forfattar. Han er særleg kjend for «Nordfjord-songen» frå 1920, som begynner med «Fagre fjellheimen opnar seg». Med denne sangen vann han pris i ein sangkonkurranse i regi av Firda Ungdomslag. Han var utdanna lærar frå V […]

Jens Nederhagen

Jens Nederhagen (19. juli 1891–1956) var ein norsk journalist, redaktør og forfattar frå Sogndal. Han var journalist i Gula Tidend 1916-1920, redaktør av Fjordabladet 1920-1940, i Firda 1942-1943, og arbeidde seinare som frilans journalist. Nederhagen gav i 1956 ut eit fem-aktars skodespel om Gjest Baardsen, under psevdonymet Jon Geirsnes. […]

Sigurd Nesse

Sigurd Nesse (31. mars 1852–1955), opphavleg Sjur Nesse, var ein norsk forfattar, lærar og målreisingsmann. Sigurd Nesse var frå Nessane i Balestrand i Sogn og Fjordane. Han var busett ei tid i Vik. Nesse gjekk Balestrand lærarseminar og seinare Stord Lærarskule. Han var lærar i Haukedalen i Førde 1873-1877, der han skipa misjonslag. Seinare arb […]

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (fødd 28. desember 1977) er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og arbeider som bokmeldar og forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa. Nilssen voks opp i Solheimsdalen i Førde kommune og busette seg seinare i Bergen, der ho mellom anna studerte litteraturvitskap. Ho har vore aktiv i tidsskriftet […]

Edvard Os

Edvard Os ((20. april 1885–9. januar 1970) var ein norsk offiser og norsk domsmann frå Eid kommune i Nordfjord. Han var sjef for Varanger bataljon 1933–1940 og forsvarssjef i Aust-Finnmark 1939–1940. Han moderniserte drifta av organisasjonane Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag som dagleg leiar for båe to i åra 1913–1927. Han var driftsstyrar i No […]

Einar Larsen Reed

Einar Larsen Reed (1889–1958) var ein norsk lærar og forfattar. Han var frå Breim i Gloppen kommune. Reed tok eksamen ved Volda lærarskule i 1913, og jobba som lærar i Bodø i 1919-1920. I 1920 fekk han arbeid som lærar i Fluberg og der var han busett mesteparten av livet, men han hadde eit avbrot i 1945-1946 då han var lærar i Finnmark. Her fekk […]

Arne Rygg

Arne Rygg (fødd 1931) er ein norsk skodespelar, lærar og forfattar. Han er frå Gloppen og busett i Oslo. Etter eksamen ved Statens teaterskole arbeidde Rygg tre år som skodespelar ved Det Norske Teatret før han vart tilsett i høyrespelavdelinga i NRK 1961–1967. Rygg arbeidde deretter i 30 år ved Smestad skole i Oslo, som lærar, inspektør og rektor […]

Rolf Sagen

Rolf Sagen (21. desember 1940–6. april 2017) var ein norsk forfattar. Han har gitt ut romanar, noveller, dikt og barnebøker. Han var også grunnleggjaren av Skrivekunstakademiet i Bergen. Bakgrunn og karriere Sagen blei fødd i Vadheim i Høyanger kommune men voks opp i Sykkylven. Han utdanna seg til psykolog, hovudoppgåva hans frå Universitete […]