Skodespel

Hjalmar Christensen

Hjalmar Christensen (fødd 5. mai 1869 i Førde i Sunnfjord, død 29. desember 1925 på Haukeland sjukehus i Bergen) var ein norsk forfattar og kritikar. Som ung tilhøyrde han den unge forfattargenerasjonen frå 1890-talet då han skreiv ei rekke viktige litteraturhistoriske arbeid som framleis har interesse. Seinare i livet skreiv han mange kulturhist […]

Sigurd Eldegard

Sigurd Eldegard (fødd 15. juli 1866 i Årdal, død 30. januar 1950 i Oslo) var ein norsk skodespelar, dramatikar, teatersjef og forfattar. Han var teatersjef på Det Norske Teatret 1918-1920, og han skreiv det første nynorskstykket oppført på Nationaltheatret. I følgje Norsk Biografisk Leksikon tilhøyrde han «de fremste blant dem som brøytet vei for […]

Ole Johan Grønskag

Ole Johan Grønskag (2. juli 1972–7. mai 2004) vart fødd i Kalvåg i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han var utdanna møbeldesignar og interiørarkitekt frå kunsthandverksskulen i Bergen, men han hadde aldri ei yrkeskarriere bygd på denne utdanninga. I 2003 debuterte han som dramatikar med boka (Filantropicana) : ei berøring av forsvinningspunkt […]

Anne Gullestad

Anne Gullestad (fødd 26. oktober 1925 i Kvinesdal, død 1. april 1998 i Bergen) var ein norsk skodespelar, instruktør og teatersjef. Ho var også forfattar av dramatikk og prosa. Gullestad var den første teatersjefen ved Sogn og Fjordane Teater og seinare for Riksteatret. Ho skipa sjølv Hordaland Teater og Vestlandske Teaterlag og var med på å utvi […]

Finn Halvorsen

Finn Halvorsen (fødd 9. november 1893 i Talvik i Finnmark, død 11. september 1960 i Milano i Italia) var ein norsk forfattar, kritikar og omsetjar. Halvorsen voks opp som den yngste av seks barn i ein presteheim. Barneåra tilbrakte han i Alta, Luster og Ålesund, der han tok examen artium 1912. Etter eksamen drog han til Oslo for å studera teolog […]

Olav Hoprekstad

Olav Hoprekstad (4. april 1875–16. august 1965) var ein norsk forfattar og skulemann, fødd i Vik i Sogn og busett mesteparten av livet i Bergen. Biografi Etter eit år på Sogndal Folkehøgskule gjekk han i 1893 over fjellet og begynte på Hamar lærerskole. Etter eksamen var han lærar på øvingsskulen ved Notodden lærerskole. Deretter kom han til […]

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, omsetjar og forlagskonsulent fødd i Bergen. Han har gjeve ut over 40 bøker i ulike sjangrar, som dikt, romanar, sakprosa og dramatikk, med barn, ungdom og vaksne som målgruppe. Hovland skriv på nynorsk. Forfattarskapen er prega av «stor fabuleringsevne» og «burlesk humor med absurdisti […]

Wibeke Knagenhjelm

Wibeke Sophie Knagenhjelm (fødd Haffner, fødd 14. desember 1918 i Oslo, død 1. november 2003) var ein norsk journalist, motstandskvinne, lokalhistorikar og manusforfattar. Virke Etter examen artium frå Frogner skole og ex.phil ved Universitetet i Oslo, studerte Knagenhjelm sosialøkonomi eit par semester, før ho vart assistent ved den tyske Cha […]

Richard Knoff

Richard Christoffer Schelderup Knoff (30. april 1889–7. desember 1968) var ein norsk ingeniør og redaktør. Han var fødd i Ålesund, busett i Balestrand. Knoff arbeidde m.a. som ingeniør i Argentina 1911-1917, var tilsett som avdelingsingeniør ved Sogn og Fjordane fylke sitt vassdragskontor i Balestrand frå 1918-1924 og hadde privatpraksis i Balestr […]

Henrik Krohn

Henrik Krohn (10. mai 1826–14. juni 1879) var ein norsk forfattar og målreisingsmann. Han vart fødd i Bergen, og døydde på Stedje i Sogndal. Han voks opp på Stend i Fana, men flytta i 1866 til Sogndal, der han hadde kjøpt garden Nedre Stedje. Tidlegare, i 1860, hadde han òg kjøpt ein fyrstikkfabrikk der. Henrik Krohn var gift med Johanna Augusta […]