Sakprosa

Erlend Vinjum

Erlend Vinjum (fødd 1933) er ein norsk lektor, stadnamnforskar og forfattar. Han er fødd i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Vinjum er cand.philol. med fagkrinsen norsk hovudfag, historie mellomfag og kunsthistorie grunnfag. I 1954-55 tok Vinjum NATO`s flygeskule i Canada, og i nærare 10 år tenestegjorde han som flyoffiser. Seinare undervis […]

Synnøve Vinsrygg

Synnøve Vinsrygg (fødd 1945) er ein norsk arkeolog. Ho er fødd i Stryn og busett i Oslo. I 1973 tok ho magistergrad i arkeologi ved Universitetet i Bergen. Ho arbeidde i 15 år som arkeolog og vart førsteamanuensis. Etter tilleggsutdanning i internasjonale studiar arbeidde ho med ulike internasjonale oppgåver i mange land og verdsdelar, mellom ann […]

Erling Virkesdal

Erling Virkesdal (f. 1937) er ein norsk historikar og forfattar frå Dalsøyra i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. I åra 1971 – 1996 arbeidde Virkesdal som undervisningsleiar ved Bergens Sjøfartsmuseum, og frå 1996 og utover var han styrar ved Herdla Museum. Virkesdal har gjeve ut ei heil mengd historiebøker om ulike ruteselskap i Bergen og resten […]

Nikka Vonen

Nikka (Nicoline Marie) Vonen (14. november 1836–29. november 1933) var ei norsk målkvinne, fjellvandrar, forfattar, folkeminnesamlar og ikkje minst grunnleggar av og styrar på privatskulen Pigeinstitutet frå Dale i Sunnfjord. Folkeminna og folkeskildringane Nikka Vonen samla inn frå Sunnfjord vart gitt ut på riksmål med dialogar på dialekt. Nikka […]

Irene Wedvik

Irene Wedvik (fødd 1948) er ein norsk forfattar frå Nordfjordeid i Eid kommune. Ho har arbeidd i Arbeidsdirektoratet og Fylkesarbeidskontoret for Oslo og Akershus. I 2007 flytta ho tilbake til Eid. I 2008 gav ho ut boka Berre kom heim!

Mads Iver Wefring

Mads Iver Wefring (1819–1894) var ein norsk emissær og prest. Han var frå Vevring i Naustdal kommune. Wefring vart gripen av Haugerørsla i 1833, og reiste saman med Anders Haave frå 1836. Han tok studenteksamen 1847 og vart cand. theol. 1852. Wefring var prest i Skien, Eiker, Holla i Telemark og ved Vår Frue kyrkje i Trondheim. Han var også reise […]

Håkon Wergeland

Håkon Wergeland (14. april 1878–3. mars 1971) var ein norsk prest og skulestyrar frå Byrknesøy i Gulen kommune. Wergeland var son til ein lærar. Han vart cand.theol. i 1902. Wergeland var styrar på Viken kristelege ungdomsskule på Gjøvik frå 1902-1911, rektor ved Notodden lærerskole 1911-1936, ungdomsprest i Oslo 1937-1938 og rektor på Kristians […]

Anne Britt Ylvisåker

Anne Britt Ylvisåker (fødd 1957) er ein norsk førstekonservator ved KODE, Kunstmuseene i Bergen. Ho er frå Sogndal i Sogn og Fjordane.

Gunnar Yttri

Gunnar Yttri (fødd 1966) er ein norsk historikar og forfattar frå Sogndal. Han var dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og er tilsett som forskar ved Høgskulen på Vestlandet.

Tor Yttri

Tor Yttri (fødd 1965) er ein norsk journalist og fotograf frå Sogndal i Sogn og Fjordane. Han har vore sentral i Fjellsportfestivalen Bratt Moro og arbeidet med å utvikle Sogndal som stad for toppturentusiastar. I 2013 vart han tildelt Sogndal kommune sin kulturpris. I 2006 gav Yttri ut fotoboka Til fjells i Sogn og Jotunheimen.