Sakprosa

Elias M. Aardal

Elias Monsen Aardal (6. august 1880–18. april 1968) var ein norsk lærar og forfattar, fødd i Årdal i Breim i Gloppen kommune. Han gjekk på Elverum lærerskole frå 1898 – 1900, og han var lærar mellom anna i Årdal i Sogn, Breim, Herøy i Helgeland og Høgsfjord. I perioden 1919 – 1943 var han lærar i Høyland kommune i Rogaland, i dag i ein dela av […]

Jostein Aardal

Jostein Aardal (fødd 1953) er ein norsk journalist frå Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Han er utdanna innan offentleg forvaltning, og han har over 30 års erfaring som journalist i fleire aviser. Aardal har vore aktiv i folkemusikkmiljøet sidan 1970-talet.

Stig Årdal

Stig Årdal (fødd 1964) er ein norsk historikar frå Jølster i Sunnfjord. Han er utdanna cand.philol med hovudfag i historie. Årdal bur i Førde.

Hans Arentz

Hans Arentz (27. august 1731–12. april 1793) var ein norsk jurist og forfattar av Beskrivelse over Söndfjord, i det Nordre Bergenhusiske Amt, fødd i sunnfjordkommunen Askvoll i Sogn og Fjordane fylke. Barndom Som dei aller fleste embetsmenn på den tida kom Arentz sjølv frå embetsmannsslekt. Far hans var Friedrich Arentz (1699–1779), soknepres […]

Georg Arnestad

Georg Arnestad (fødd 17. november 1948) er ein norsk redaktør, sakprosaforfattar og kulturforskar fødd på Rygg i Gloppen kommune og busett i Sogndal. Arnestad tok artium i språkfag ved Firda vidaregåande skule i 1967. Han vart utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole (NHH) i 1973, og høgare avdeling i økonomisk historie ved NHH i 1977. Arne […]

Asbjørn Aarseth

Asbjørn Kristen Aarseth (fødd 21. oktober 1935 på Inderøy, død 31. august 2009) var professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Biografi Asbjørn Aarseth var presteson og voks opp dels på Inderøy, dels på Fjelberg i Sunnhordland samt Aurland i Sogn og Fjordane. Etter artium frå Firda gymnas i Sandane, tok han til å stud […]

Sverre Aas

Sverre Aas (12. januar 1914–26. februar 2000) var ein norsk lærar og skulesjef. Han var fødd i Leirvik i Hyllestad kommune, vaks opp på Voss og var busett i Leirvik og på Leikanger. Aas var motstandsmann under 2. verdskrigen. Han vart såra i kampane i Valdres etter invasjonen av Noreg i april 1940. Han var seinare lærar i Hernar, Brekke i Gule […]

Kjell Askeland

Kjell Askeland (fødd 1943) er ein norsk forfattar. Han er frå Askeland i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han har arbeidd som lærar og frilansjournalist.

Bernt Madssen Askevold

Bernt Madssen Askevold (1846–1926) var ein norsk prest, lærar og forfattar frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Han var aktiv i Askevold Børneskole, oppretta Laksevåg Avis og gav ut fleire forteljingar. Askevold utvandra til USA rundt 1870, men returnerte til Askvoll i 1922.

Mathias Askevold

Mathias Askevold (1854–1919) var ein «bladmann og litterat» frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Askevold gav ut fleire dikt i aviser og tidsskrift. Dikta er blitt skildra som «vakre».