Romanar, noveller, forteljingar

Gjørol Munthe-Kaas

Gjørol Munthe-Kaas (1893–1977) var ei norsk husmor og forfattar. Ho vart fødd i Florø, reiste til Stavanger i 1900 og til Kristiania i 1916, der ho busette seg. Ho var redaktør for Norsk Ukeblad i perioden 1933-1936. Munthe-Kaas debuterte i 1926 med novellesamlinga Blåskjell. Ho gav også ut bøker under pseudonymet Mon Vinge.

Sivert N. Nesbø

Sivert Nikolai Nesbø (fødd 26. mai 1982) er ein norsk forfattar frå Førde. Han har teke årsstudium ved Skrivekunstakademiet i Bergen og debuterte i 2013 med romanen Skårgangar. I 2015 kom den andre romanen hans, Som eit barn. I 2018 gav han ut den tredje boka si, Sjøen om vinteren. Den fyrste barneboka hans, Hauk, kom i 2019, illustrert av Susann […]

Dag H. Nestegard

Dag Hestetræet Nestegard (fødd 10. februar 1968 i Florø) er ein norsk journalist, forfattar, filmprodusent og redaktør. Han vaks opp i Svelgen i Bremanger kommune, og er busett i Ås kommune i Akershus. Nestegard er cand. mag. frå Universitetet i Oslo. Han har også studert radiojournalistikk ved medielinja ved Høgskulen i Volda. Skuleåret 89/90 va […]

Dagny Fagerheim Nilsen

Dagny Fagerheim Nilsen (17. januar 1910–7. mai 1997) var ein norsk forfattar og evangelist. Ho vart fødd på Flo i Stryn kommune. Nilsen var evangelist i Nord-Norge i mange år, og budde i Tromsø 1949-1974, før ho flytta tilbake til Stryn. Dagny Fagerheim Nilsen har gjeve ut fire romanar med religiøst innhald.

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (fødd 28. desember 1977) er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og arbeider som bokmeldar og forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa. Nilssen voks opp i Solheimsdalen i Førde kommune og busette seg seinare i Bergen, der ho mellom anna studerte litteraturvitskap. Ho har vore aktiv i tidsskriftet […]

Odd Njøs

Odd Njøs (fødd 1931) er ein norsk kulturarbeidar frå Leikanger i Sogn. Han har mange år bak seg i skulestova og er elles kjend som ein allsidig kulturarbeidar. I 2000 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sylv for dette. Han har vore organist og kordirigent gjennom ei årrekkje og vore aktiv i revymiljøet til Leikanger mannskor. Frå 1984 […]

Bergljot K. Nordal

Bergljot Kaslegard Nordal (fødd 15. oktober 1976 i Førde) er ein norsk forfattar og litteraturformidlar frå Ål i Hallingdal. Nordal har mastergrad frå Universitetet i Oslo i litteraturformidling. Ho debuterte som forfattar i 2009 med romanen Magda på Tiden Norsk Forlag. Andreboka, Ruts bok, kom i 2012. I 2014 mottok ho Tanums Kvinnestipend. Ho ha […]

Elsa Norunn Håheim Nydal

Elsa Norunn Håheim Nydal (fødd 1949) er ein norsk lyrikar og illustratør. Ho er frå Jølster. Nydal er utdanna teiknelærar frå Statens lærerskole i forming, Oslo. Ho har også utdanning frå yrkesskulen i Sand i Ryfylke, linje for rosemåling.

Signe Eimind Olseth

Signe Eimind Olseth (1897–1981) var ein norsk forfattar frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Olseth gav ut tre romanar og var redaktør av bladet til Det Hvite Bånd.

Ole Oppen

Ole Oppen (13. april 1918–11. oktober 2001) var ein norsk bonde og forfattar. Han var fødd i Bergen, busett i Høyanger kommune, først i Måren 1952-1955, og frå 1955 i Instevik.