Romanar, noveller, forteljingar

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, omsetjar og forlagskonsulent fødd i Bergen. Han har gjeve ut over 40 bøker i ulike sjangrar, som dikt, romanar, sakprosa og dramatikk, med barn, ungdom og vaksne som målgruppe. Hovland skriv på nynorsk. Forfattarskapen er prega av «stor fabuleringsevne» og «burlesk humor med absurdisti […]

Anders O. Klakegg

Anders O. Klakegg (30. mars 1913–18. juli 1990) var ein norsk bonde og forfattar frå Klakegg i Jølster kommune. Han var odelsgut og tok over farsgarden, men i 1956 pakta han vekk garden for å kunne skrive. Han gav ut fleire romanar med handling frå Jølster på 1600-talet. Han har også gitt ut bok om Nikolai Astrup og ættesoge for Jølster. Klakegg […]

Bjarte Daviknes Klakegg

Bjarte Daviknes Klakegg (fødd 1969) er ein norsk grafisk designar og forfattar. Han er fødd i Førde og busett i Bergen.

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud (fødd 5. november 1968 i Isfjorden) er ein norsk barne- og ungdomsbokforfattar. Kolerud er for tida busett i Måløy i Vågsøy kommune. Kolerud debuterte i 1996, og har fått ei rad prisar for bøkene sine. Dei to prisløna bøkene utmerker seg ved å vere stillferdige bøker som med konkrete sansingar frå oppvekst på 1970-talet gjev innbl […]

Kjersti Kollbotn

Kjersti Kollbotn (fødd 27. februar 1959) er ein norsk sivilingeniør og forfattar frå Breim i Nordfjord, no busett i Tromsø. Etter examen artium utdanna ho seg til sivilingeniør, med doktorgrad i byplanlegging (NTNU, 1993). Feltarbeidet gjorde ho i Guatemala. Ho har vore forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking, og har sidan 1995 bud […]

Karl Friedrich Kurz

Karl Friedrich Kurz (23. september 1878–26. juni 1962) var ein tysk/sveitsisk/norsk forfattar. Karl Friedrich Kurz er fødd nær Freiburg, Bremgarten i Tyskland. Som barn flytta han med foreldra til Basel i Sveits. Han ønskte å bli kunstmålar og begynte på akademiet i Karlsruhe. Det var tilfeldigheiter som gjorde han til skribent og forfattar. Et […]

Hermund Kvåle

Hermund Kvåle (9. april 1900–2. juli 1971) var ein norsk redaktør, kunstmålar og forfattar frå Sogndal. Han arbeidde i avisa Sogns Tidend som faren Jens H. Kvåle hadde flytta frå Lærdal til Sogndal i 1904. Kvåle var ein habil kunstmålar, og henta dei fleste av motiva sine frå landskap og tun i Sogndalsdalen. Kvåle gav også ut diktsamlinga «Då lo […]

Sigurd Kvåle

Sigurd Kvåle (fødd 7. mars 1902 i Sogndal, død 16. juni 1962 i Rælingen) var lærar og forfattar, og er særleg kjend for novellene sine. Kvåle var son av ein skomakar, og gjekk to år på Sogndal Folkehøgskule, deretter Stord lærarhøgskule, der han tok eksamen i 1924. Han var lærar i Varhaug 1924-1928, Aurskog 1928-1929, Torsnes 1932-1933, Tysvær 1 […]

Anders Kvellestad

Anders Kvellestad (1. mars 1877–8. mai 1957) var ein norsk skulestyrar og forfattar. Han var fødd i Vevring i Naustdal kommune. Han tok lærarskuleeksamen i 1899 og var på språkstudium i England 1913. Kvellestad var lærar ved Florø folkeskule 1913-1915, styrar ved Sørlandets kristelige ungdomsskole 1915-1928. Dei siste åra var Kvellestad busett i […]

Helga Ladehaug

Helga Ladehaug (1924–2015) var ein norsk lærar og forfattar frå Stryn. Ho var ein samtidsengasjert forfattar, som oftast skreiv om nære mellommenneskelege og moralske kvardagsspørsmål. Ladehaug skreiv både dikt, noveller og sakprosa.