Romanar, noveller, forteljingar

Olaug A. Haugen

Olaug A. Haugen (fødd 1956) er ein norsk bibliotekar og forfattar. Ho er frå Dale i Fjaler kommune og busett i Førde.

Torfinn Haukås

Torfinn Haukås (1931–1993) var ein norsk forfattar frå Høyanger i Sogn. Han gav i perioden 1958 til 1981 ut til saman ti titlar. Meg skal dere aldri få tak i, Søndag i Andorra og Duellen er kriminalromanar, medan Døden på fanget er ei bok om sonen som leid av Krabbes sjukdom. I 1965 fekk Torfinn Haukås førstepremie for beste novella for film i ei […]

Thore Eithun Helland

Thore Eithun Helland (fødd 12. mars 1965) er ein norsk forfattar og jurist. Helland vart fødd i Sogndal, men voks opp mellom anna i Leikanger og Norheimsund. Han tok juristutdanning ved Universitetet i Bergen (1985–1992), og har arbeidd som resepsjonist i Norheimsund, vore dommarfullmektig i Stjør- og Verdal herredsrett (1993–94), Sunnfjord hera […]

Terje Hellesen

Terje Hellesen (fødd 17. mai 1973) er ein norsk forfattar, fødd i Flora, busett i Bergen. Han har gitt ut dikt, romanar og litteratur for barn. Hellesen tok Cand. phil. i 2004, ved Universitetet i Bergen. Han har samarbeida med andre kunstnarar, mellom anna om «Prosjekt Pripyat», som han realiserte i lag med kunstfotograf Børge Bjerk og pressefot […]

Jon Hellesnes

Jon Hellesnes (fødd 16. september 1939 på Voss) er ein norsk forfattar og filosof. Han budde på Sandane i Gloppen kommune til han var 14 år. Hellesnes begynte i 1985 som professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø, der han gjekk av med pensjon i 2007. Han heldt fram som professor II ved Høgskulen i Volda til 2008. I tillegg har han vore gjest […]

Per Hilleren

Per Hilleren (fødd 7. juni 1906 på Veitastrond i Luster i Sogn og Fjordane, død 23. april 1994) var ein norsk forfattar og predikant. Han vaks opp i Sogndal og flytta seinare mykje, han var mellom anna også busett i Brekke i Gulen, Balestrand og Vadheim i Høyanger, forutan eit par stader på Austlandet. Hilleren var i ein kort periode redaktør for […]

Johannes Abrahamson Hjellbrekke

Johannes Abrahamson Hjellbrekke (1866–1926) var ein norsk forfattar som vaks opp på husmannsplassen Solbakken under Hjellbrekke i Jølster kommune. Han gav ut boka Jons forlovelser, truleg i 1890. Boka vart gjeven ut anonymt.

Eilert Hjelmeseth

Eilert Hjelmeseth (12. august 1882–5. juli 1958) var ein norsk typograf, redaktør og forfattar frå Nordfjordeid i Eid kommune. Han emigrerte til USA i 1904, der han var tillitsmann i norske organisasjonar. Han gav ut bladet Norsk ungdom, og var redaktør av Northome Record i 1905, Normannaheimen i 1906 og Grafton-Posten 1907-1909. Han gav også ut […]

Audun Munthe-Kaas Hjermann

Audun Munthe-Kaas Hjermann (8. september 1892–23. desember 1975) var fødd i Flora og var ein norsk forfattar og redaktør. Han var journalist i Aftenposten, redaktør av Smaalenenes Avis 1919 – 1931, seinare Sarpen, av Larvik Morgenavis 1947-1950 og av Tønsberg Blad 1950-1954. Som forfattar av ei mengd barne- og ungdomsbøker nytta han ofte pseudony […]

Markus Jonasson Horne

Markus Salomon Jonasson Horne (13. oktober 1862–1. januar 1945) var ein norsk misjonsprest. Han var frå Naustdal. Horne gjekk misjonsskulen i Stavanger og var misjonær på Madagaskar 1893-1927. Etter endt teneste budde Horne og kona i Stavanger og seinare i Vevring i Naustdal kommune. Horne skreiv om misjonsarbeidet og gav ut eit par romanar. […]