Romanar, noveller, forteljingar

Gösta af Geijerstam

Gösta af Geijerstam (1888–1954) var ein svensk forfattar og kunstmålar som kom til Dale i Fjaler i 1905, og vart busett der. Gösta af Geijerstam sine bøker handla om jakt, skildringar i roman-form av fjellbondens liv i Gudbrandsdalen og eige liv. «Levende naturfølelse og humoristisk sans særmerker Geijerstams bøker», skriv litteraturkritikar Er […]

Anders Madsen Gil

Anders Madsen Gil (1870–1950) var ein norsk forkynnar og forfattar frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Anders Madsen Gil var den første som ga ut bøker på Lunde forlag i Bergen. Han gav ut om lag 20 bøker – mange av dei med religiøst innhald.

Einar Gimmestad

Einar Gimmestad (fødd 1943) er ein norsk forfattar. Han er busett i Gloppen kommune.

Knut Gjengedal

Knut Gjengedal (17. oktober 1900–14. februar 1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Hyen. Han debuterte i 1928 med Guten fraa einsemda, og skreiv i alt 13 bøker, alle på nynorsk, og av desse seks barnebøker. Skildringane frå bøkene hans er henta frå natur og nærområde i Gjengedalen i Hyen der han budde det meste av livet sitt. I 1937 vann han […]

Mons Klingenberg Gjerløw

Mons Klingenberg Gjerløw (1850–1936) var ein norsk redaktør og forfattar. Mons Gjerløw var frå Aurland og seinare busett i Oslo og Skien. Gjerløw arbeidde som journalist og redaktør i Oslo, og frå 1884 var han redaktør for avisa Fremskridt i Skien. Han har mellom anna gjeve ut romanane I Forbigaaende (1880), Ilgods (1883), Fra Skridt til Gallop […]

Jarle I. Grønfur

Jarle I. Grønfur (fødd 1949) er ein norsk murar og forfattar. Han er fødd i Stryn og vaks opp i Jølster. Grønfur debuterte i Norsk Barneblad og har skrive fleire noveller i Magasinet for alle og Alle menn.

Roar Gulbrandsen

Roar Gulbrandsen (fødd 1938) er ein norsk kunstmålar og forfattar. Han bur i Førde.

Kjersti Wøien Håland

Kjersti Wøien Håland (fødd 1988) er ein norsk forfattar frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Håland er utdanna manusforfattar ved Den norske filmskulen. Ho har også studert ved Westerdals Høyskole i Oslo, og vore teatersjef ved studentteateret Teater Neuf. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti på Fl […]

Finn Halvorsen

Finn Halvorsen (fødd 9. november 1893 i Talvik i Finnmark, død 11. september 1960 i Milano i Italia) var ein norsk forfattar, kritikar og omsetjar. Halvorsen voks opp som den yngste av seks barn i ein presteheim. Barneåra tilbrakte han i Alta, Luster og Ålesund, der han tok examen artium 1912. Etter eksamen drog han til Oslo for å studera teolog […]

Torhild M. Hansen

Torhild Marie Hansen (fødd 1968) er ein norsk forfattar frå Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane.