Romanar, noveller, forteljingar

Kristian Elster d.y.

Kristian Elster d.y. (fødd 17. mars 1881 i Trondheim, død 1947) var ein norsk forfattar, jurist og litteraturhistorikar. Elster var fødd i Trondheim, men flytta som spedbarn til Førde. I 1888 flytta familien til Oslo. Elster vart cand. jur. i 1905 og var sekretær i landbruksdepartementet frå 1910. Den litterære debuten hans heitte Fortællinger og […]

Andreas Engebø

Andreas Engebø (fødd 1937) er ein norsk lærar og forfattar. Engebø vart fødd på Kvellestad i Vevring i Naustdal og busette seg seinare i Holmedal i Askvoll. Han har eksamen frå Befalskolen for Infanteriet i 1955, artium frå Voss landsgymnas i 1958 og eksamen frå Stord lærarskule i 1965. Engebø har vore lærar fleire stader, og frå 1969 ved Holmeda […]

Åsmund Farestveit

Åsmund Farestveit (fødd 20. august 1905 i Modalen, død 22. mai 1986 på Voss) var ein norsk prest, omsetjar og forfattar. Han er særleg kjend for å ha omsett Augustins Confessiones til nynorsk i 1943. Farestveit vart cand.theol. 1930 og arbeidde som høgskulelærer fram til 1936. Han var stiftskapellan i Agder i 1936, sokneprest i Hafslo 1940, sokn […]

Ole Wilhelm Fasting

Ole Wilhelm Fasting (3. februar 1852–5. februar 1915) var ein norsk ingeniør og forfattar, født i Jølster i Sunnfjord. Fasting gav ut fleire bøker med skildringar av natur og friluftsliv på Vestlandet. Jakt, turar og opplevingar i naturen med karakteristikkar av sunnfjordingen, og skildringar av embetsmannsmiljøet i Førde er sentrale emne i bøken […]

Robert Reed Flatjord

Robert Reed Flatjord (fødd 27. januar 1982) er ein norsk forfattar. Han er fødd på Sandane i Gloppen kommune. Han debuterte i 2007 med romanen Edward Nansen.

Rolf Magne Fredheim

Rolf Magne Fredheim (fødd 16. november 1939) er ein norsk industriarbeidar, lærar og forfattar, fødd i Florø i Flora kommune i Sogn og Fjordane, seinare busett i Horten. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Mi røynd.

Jostein Avdem Fretland

Jostein Avdem Fretland (fødd 1990) er utdanna komponist frå Lærdal. I tillegg er han musikar, skrivar og forfattar. Han var ei tid busett i London.

Laura Marie Fure

Laura Marie Fure (fødd 1. mai 1939) er ein norsk forfattar frå Selje kommune i Nordfjord.

Matias Furevik

Matias Furevik (20. juli 1888–18. april 1946) var ein norsk forkynnar og forfattar. Han var fødd i Naustdal og gjekk på Sunnfjord ungdomsskule 1906-1907 og 1907-1908 og tok diakoniutdanning og bibelskule i Kristiania og Stavanger. Furevik var knytt til Samemisjonen, der han vart første krinssekretær i Bergen krins. Furevik gav ut forteljingar om […]

Håkon Gausemel

Håkon Gausemel (1921–2004) var ein norsk forfattar frå Gausemel i Hornindal i Nordfjord. Gausemel skreiv fortellingar og dikt i vekeblad, aviser og julehefte i tillegg til å gi ut fem bøker.