Romanar, noveller, forteljingar

Hjalmar Hjorth Boyesen

Hjalmar Hjorth Boyesen (23. september 1848–4. oktober 1895) var ein norsk professor og forfattar. Han vaks opp på Fredriksvern, Kongsberg og på Systrond i Leikanger kommune. Boyesen hadde si utdanning i tysk og skandinavisk litteratur frå universitet i Leipzig og universitetet i Oslo. Han reiste i 1869 til Amerika. Boyesen vart professor i germ […]

Wilhelm Bødal

Wilhelm Bødal (15. april 1922–22. juli 1987) frå Loen i Stryn kommune var lærar og forfattar. Han tok artium ved Firda gymns, gjekk på Stord lærarskule, Statens lærarskule i forming i Oslo og han tok vidareutdanning i historie, samfunnsfag, norsk og engelsk. Bødal var lærar i Stryn frå 1951, frå 1962 ved Stryn ungdomsskule. Han har gjeve ut fleir […]

Ole Røyseth Brende

Ole Røyseth Brende (20. september 1908–8. mars 2000) var ein norsk bedriftseigar, gründar og forfattar. Han var fødd på Hareid og busett i Flora. I ungdomsåra var Brende på selfangst i ishavet og skreiv skildringar frå ferdene i Sunnmørsposten. I 1941 skipa han Florø Møbel- og Trevarefabrikk A/S. Fabrikken hadde opptil 20 personar i arbeid. Brend […]

Arnfinn Bruflot

Arnfinn Bruflot (19. oktober 1904–1999) frå Naustdal var målar, journalist og forfattar. Han tok artium ved Firda gymnas i 1927. I 1928 emigrerte han til Amerika og var sidan busett der. Ein kort periode var han redaktør av Western Viking og han var også med i redaksjonen i Ny Verd, avisa til Vinland Mållag, der han var aktivt med. Før Bruflot re […]

Jan-Magnus Bruheim

Jan-Magnus Bruheim (15. februar 1914–10. august 1988) var ein norsk forfattar som skreiv lyrikk og barnebøker. Liv Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk. Etter skulen fylgde nokre år med gardsarbeid, før han i 1957 starta opp som lærar i Vågå. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk. Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at h […]

Ole Bugge-Asperheim

Ole Bugge-Asperheim (7. juli 1846–16. april 1891) var ein norsk prest og forfattar frå Årdal. Han tok teologisk embetseksamen i 1871. Våren 1872 reiste Bugge-Asperheim til Amerika der han i 3 år var prest i Rock River i Wisconsin. Sidan var han professor ved den norske synode sitt teologiske seminar til han i 1878 fekk stillinga som den første sj […]

Hjalmar Christensen

Hjalmar Christensen (fødd 5. mai 1869 i Førde i Sunnfjord, død 29. desember 1925 på Haukeland sjukehus i Bergen) var ein norsk forfattar og kritikar. Som ung tilhøyrde han den unge forfattargenerasjonen frå 1890-talet då han skreiv ei rekke viktige litteraturhistoriske arbeid som framleis har interesse. Seinare i livet skreiv han mange kulturhist […]

Åsmund Husabø Eikenes

Åsmund Husabø Eikenes (fødd 1986) er ein norsk forfattar frå Leikanger i Sogn og Fjordane. Han har ein doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo. Eikenes fekk Forskerforbundets Hjernekraftpris for 2013 for formidling av celledeling hos bananfluger. Hausten 2016 gav han ut ei populærvitskapleg bok om hender. Boka heiter […]

Sigurd Eldegard

Sigurd Eldegard (fødd 15. juli 1866 i Årdal, død 30. januar 1950 i Oslo) var ein norsk skodespelar, dramatikar, teatersjef og forfattar. Han var teatersjef på Det Norske Teatret 1918-1920, og han skreiv det første nynorskstykket oppført på Nationaltheatret. I følgje Norsk Biografisk Leksikon tilhøyrde han «de fremste blant dem som brøytet vei for […]

Kristian Elster d.e.

Kristian Mandrup Elster (fødd 4. mars 1841 i Overhalla, død 11. april 1881 i Trondheim), var ein norsk forfattar og forstmann. Elster vaks først opp i Overhalla, men i 1853 flytta familien til Førde i Sunnfjord, der far hans var sorenskrivar. 15 år gammal vart han send til Christiania for å gå på skule der. Det var meninga at han skulle bli offis […]